Økonomi

Leiarlønsfesten har sin pris

Når toppsjefane får mykje sterkare lønsvekst enn dei tilsette, har det kostnader som ikkje viser att i rekneskapane.

Lønsvinnarar: Karl Johnny Hersvik (til venstre) i Aker BP er Noregs best betalte toppsjef med 42 millionar i løn og bonus i fjor. Også Øyvind Eriksen (til høgre) i Aker ASA er høgt på lønstoppen, og fekk 32 millionar kroner i fjor. Energiminister Terje Aasland (i midten) måtte nøye seg med 1,5 millionar kroner i løn.
Lønsvinnarar: Karl Johnny Hersvik (til venstre) i Aker BP er Noregs best betalte toppsjef med 42 millionar i løn og bonus i fjor. Også Øyvind Eriksen (til høgre) i Aker ASA er høgt på lønstoppen, og fekk 32 millionar kroner i fjor. Energiminister Terje Aasland (i midten) måtte nøye seg med 1,5 millionar kroner i løn.
Publisert

Så vart det lønskamp på alvor. LO vil ikkje godta nok eit år med reallønsnedgang og krev lønsvekst større enn inflasjonen, som i år er venta å bli på 4,8 prosent. Så langt er 39.500 LO-medlemer og 1800 YS-medlemer tekne ut i streik.

Dette er den første streiken i eit såkalla mellomoppgjer. Men det er òg noko anna interessant med lønsoppgjeret i år: For første gong på lenge har leiarlønene vore eit retorisk slagvåpen for fagrørsla, ikkje berre eit rutinemessig talepunkt. Og det er ikkje berre LO-leiinga som kritiserer leiarlønsveksten. «Det skal være en lærepenge for oss og bedriftene våre at det har en kostnad å øke lederlønninger og bonusutbetalinger. Det er et faktum at høye lederlønninger og bonuser gjorde forhandlingene vanskeligere denne gangen», sa NHO-sjef Ole Erik Almlid til Adresseavisen denne veka.

Når også NHO sukkar over leiarlønsutviklinga, er det grunn til å spisse øyra. Og storstreiken no gjev eit godt utgangspunkt for å snakke om dei lite synlege kostnadene med å honorere direktørar fyrsteleg.

Vilje til streik

Fagrørsla fekk ammunisjon til lønskampen i rapporten Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) la fram i februar. TBU er det statlege utvalet som reknar ut pris- og lønsnivået i Noreg, slik at partane i arbeidslivet har eit sams talgrunnlag å forhandle ut frå. I år synte tala frå TBU at nordmenn flest fekk reallønsnedgang i fjor. Lønsveksten var i snitt 4,1 prosent, og industriarbeidarane fekk berre 3,5 prosent. Prisveksten var på 5,8 prosent – langt høgare enn dei fleste såg for seg da lønsforhandlingane fann stad i fjor vår.

Når folk flest får mindre for løna enn før, aukar streikeviljen. Og da Stein Lier-Hansen, direktør i NHO-foreininga Norsk Industri, i februar sa til VG at det truleg måtte bli reallønsnedgang i år òg for å sikre konkurranseevna til industrien, gjorde det ikkje stemninga betre i fagrørsla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement