Arbeid
Lektoren er ikkje det han eingong var
I 1977 tente ein lektor nesten dobbelt så mykje som gjennomsnittsnordmannen. 30 år seinare hadde lektorane vorte gjennomsnittlege.
Gisle Straume i rolla som lektor Tørdal i den første Stompa og Co-filmen.
Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB
Lektor, det var svære saker i tiåra etter krigen. Dei budde i fine hus med stor hage. Nokre av dei skreiv til og med kloke kronikkar i Aftenposten og Dagbladet, og gav førelesingar, både i radio og etter kvart på fjernsyn. Dei var portvaktarane som avgjorde framtida og vegen vidare til dei som var flinke nok til å gå på gymnaset. Vi stod i age for lektoren.
Slik er det ikkje lenger. Visste du at lektorane no er i streik? Truleg ikkje. Sidan eksamen på vidaregåande er avlyst for tredje året på rad, har dei ikkje noko å retta, og knapt elevar å møta, sidan standpunktkarakterane er utdelte og fråværsgrensa er sett til side. Ein lektor i streik i juni 2022 er ein som streikar for tomme tribunar.
No er det rett nok berre nokre lektorar her og der i streik. Det er til hausten den verkelege streiken skal byrja, det er då vi skal oppdaga kor sårt vi saknar den gamle lektoren.
Lektor og lektor
Men fyrst: Kva er ein lektor? Svaret på det vert snart alt og alle. Før var det enklare: Ein lektor hadde embetseksamen. Han eller ho kvalifiserte seg til dei høgste embeta i landet. Ein lektor hadde ei fireårig cand.mag.-grad frå eit av dei gamle universiteta, og på toppen av dette kom det toårige hovudfaget, som ofte varte både fire og fem år. Ved sida av embetseksamen hadde desse eit kort sumarkurs som var kalla pedagogisk seminar. Då var ein kvalifisert for fast stilling.
Så fann pedagogane ut at dei hadde for lite å gjera, og dei gamle lektorane kunne for lite pedagogikk. Dei fekk tvinga gjennom noko dei kalla praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Dette kom etter at lektorane alt var deklasserte. PPU var eittårig. Då oppstod ein ny tittel, lektor med opprykk, som elles underskrivne ei tid hadde. Desse hadde sju år høgre utdanning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.