Lengst nede ved bordet

Kvinner i fengsel er ei sårbar gruppe. Framtida til norske kvinnefengsel er uviss.

Publisert

Eg står utanfor murane ved Romerike fengsel, avdeling Ullersmo, og trykkjer på callingen. Den grå betongmuren som ruver over meg, understrekar alvoret som pregar institusjonen eg snart skal inn i.

I desember slo Statsbygg alarm om branntryggleiken på kvinnefengselet på Bredtveit og kravde at heile høgtryggleiksavdelinga flytta på dagen. Ein så kort frist var uforsvarleg, ifølgje fengselsleiinga. Kompromisset vart at Bredtveit måtte evakuere lokala innan tre månader, og flytte inn på eiga avdeling i mannsfengselet på Ullersmo. Ingen veit når, eller om, dei får flytte tilbake igjen.

Eg vert slusa gjennom tryggleikskontrollen. To smilande tilsette, Ane Sagheim og Eirin Aaen Nordli, ventar på andre sida. Det tek brodden av alvoret.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement