🎧 Ei reise til Georgia
Lytt til artikkelen:
Mange av oss har ein tendens til å reisa om att til dei same reisemåla. Helgetur til London, Amsterdam eller Berlin er gjengangarar. Denne veka slår Innsida eit skikkeleg slag for Georgia.
Det trivelege landet i Kaukasus har mykje å by på. Det er eit av dei eldste kristne landa i verda, kristna allereie i 327, samstundes som Georgia, med si sentrale plassering på Silkevegen, alltid har vore ein smeltedigel av ulike kulturar. I hovudstaden Tbilisi finn du ein moske, ei synagoge og eit par kyrkjer innanfor ein radius på berre 500 meter.
Georgiarane har vore under russisk styre frå 1801 til dei melde seg ut av Sovjetunionen i 1991. Sjølv om dei var tidleg ute med det (nummer to etter Litauen), vart det ikkje utan problem. Borgarkrig og russisk okkupasjon av Abkhasia og Sør-Ossetia i 2008 gjorde at folketalet gjekk ned frå 5 millionar til litt over 3.
Russarane står framleis i Sør-Ossetia, der grensa går berre fire mil frå hovudstaden Tbilisi. Ifylgje sikre kjelder driv russarane og flyttar på denne grensa bit for bit, så viss du skal ta deg ein tur til Georgia, kan det vera lurt å ikkje venta så lenge. Kanskje er heile landet borte om nokre år.
Av kjende georgiarar er det eit par som kanskje ikkje dei er like stolte av, til dømes Stalin og Lavrentij Berija, sjefen for det fæle løynde politiet i Sovjet NKVD, og tidlegare utariksminister i Sovjet, Eduard Sjevardnadze, som vart avsett i 2003, etter ti år som Georgias president i ein «roserevolusjon», av di folket meinte han var korrupt og fuska med stemmesetlar.
Georgiarane er veldig gjestfrie og blide. Det er trygt og populært å vera turist. Økonomien i landet er ikkje mykje å skryta av, så dei treng utalandsk vitjing og inntekter frå reiselivet. Men når det gjeld kultur, natur og gastronomi, er dei slett ikkje fattige.
Tbilisi er ein vakker by med mange flotte gamle bygningar frå soga til byen. Særleg populære er dei mange svolvelbada som skal ha store helsefordelar for ein som lèt seg freista. Dei er lette å finna, sidan dei er forma som små kuplar.
Imponerande er òg nokre av undergangane under hovudgatene. Dei er flotte basarar, noko som gjer det mykje kjekkare å kryssa trafikken.
Når det gjeld maten, er det mykje å gle seg over. I Sovjet-tida var Georgia eit spisskammer for leiinga i Moskva. Landet har fire klimasoner, frå dei høgaste fjella med sno og skisenter til varme og sandstrender ved Svartehavet.
Kosten er ei blanding av europeisk, tyrkisk og arabisk – mykje grillmat og ikkje minst salatar med hummus og friske grønsaker. Raudvinen herifrå var høgt skatta i Sovjetunionen. Han er i ferd med å skapa seg eit internasjonalt publikum og er vel verd å prøva seg på. Det skal vera georgisk vin på polet – ikkje den rimelegaste vinen, men av høg kvalitet.
Innsida slår eit slag for Georgia, med kultur og arkitektur prega av den spanande plasseringa mellom vest og aust på fleire måtar.
God tur.
Arne Hjeltnes