For at den unge cubanske kvinna som vitja oss, skulle kjenna seg meir heime, skrudde eg opp lyden på NRK-dokumentaren om det spanske kongehuset. Denne kvelden var temaet «kongehuset Borbón og kvinnene». Uheldigvis!
Presentasjonen tok nemleg til med kong Alfons XIII (1886–1941), og brått var det usladda porno på statskanalen. Sidan klippet var meir enn hundre år gamalt, og hadde kongeleg manus og regi, er det å rekna som eit «kulturminne». Berre tre slike (med «nonner», «geistlege» og pæreforma «statsmenn» i hovudrollene) har overlevd ryddejobben til den gode katolikken Francisco Franco – diktatoren makulerte resten av den kongelege pornosamlinga. Blei det sagt. På spansk.
På telefonen googla eg kongen, før eg kom på at algoritmane no får med seg det meste og syter for at søkjehistorikk og -framlegg spreier seg som ringar i vatn, frå heimen og snart til heile kontorlandskapet.
At Alfons til nyleg var eit norsk substantiv som tydde «ein som lever av prostitusjonen til andre», det som no heiter hallik, gjer ikkje saka betre.
Men eg nådde nett å fanga opp eit rykte: Den spanske pornokongen kan ha vore oldefar til sjølvaste Carly Simon, songaren frå New York – som eg, og mange med meg, var forelska i 1970–80-åra. (Googla det, heller.) Eit rykte ho sjølv kolporterte i memoarboka Boys in the trees (2015). Der ho skriv om mormora Ofelia (eller Ofilia) Oliete (eller Ollright), kalla «Chibie»: «Ei familiesoge seier at ho er uekte dotter av kong Alfons XIII av Spania og ein maurisk slave han hadde sett barn på. ’Chibie’ vaks opp i eit kloster i England, og hadde lært å lesa på åtte språk».
Chibie (f. 1888) og den mauriske åleinemora hennar (og dei 16 syskena), søkte som så mange betre lukke i vesterveg. Såleis er Carly Simon kvart cubanar!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.