Politikarar og samfunnsvitarar trekkjer stadig fram at ein av dei store styrkane i det norske samfunnet er tilliten vi har til kvarandre. Når det er dugnad i burettslaget, stiller vi opp i trygg forvissing om at naboen òg kjem, og vi betaler skatt og stolar på at pengane går til aktverdige formål.
I mange daglegvarebutikkar har dei no sett opp terminalar der kundane sjølv kan skanne og betale for varene sine. Tillit, tenkjer eg. Men er det eigentleg det? Når eg har køyrt varene gjennom strekkodelesaren og trykt på «gå til betaling», spør skjermen i somme butikkar om eg har skanna alle varene.
Kva er det for spørsmål? Sjølvsagt har eg det! Eg er ingen simpel tjuv heller! (Og om eg no var ein tjuv, ville eg vel ikkje ha utbasunert det sånn utan vidare. Kor dum går det an å bli?)
Det er to svaralternativ: JA eller NEI. Eg svarer sjølvsagt JA, men blir aldri kvitt angsten for at eg av vanvare skal komme til å trykkje på NEI. (Eg gjer av og til ting som eg verken kan forklare eller forsvare for meg sjølv.)
I mørke stunder har eg sett for meg kva som kunne skje om eg trykte på NEI. Ville alarmen gå med ulande sirener og blinkande lys og bryske vakter komme stormande? Ville eg bli send inn i ein endelaus dialog med kjenslekald chatbot og få krenkjande spørsmål om ansvar og moral?
Her om dagen kom eg til at eg måtte ta tyren ved horna, og trykte på NEI. Det var løgn. Det var ikkje eingong ei kvit løgn, det var blank løgn. Men eg meiner at formålet var aktverdig: forsking. Altså løgn i teneste for sanninga. Eg stålsette meg og venta på reaksjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.