Fiktivt

¿ – Eg lyt vera i lag med fleire for å seia truvedkjenninga

Når eg spør Elisabeth Thorsen punkt for punkt om truvedkjenninga, fortel ho punkt for punkt om ei tapsrøynsle som avgjorde yrkesvalet.

– Eg slit framleis med å tru at det eg ikkje ser, finst, seier Elisabeth Thorsen, leiande prest i Oslo domkyrkje.
– Eg slit framleis med å tru at det eg ikkje ser, finst, seier Elisabeth Thorsen, leiande prest i Oslo domkyrkje.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Ho har hatt kort veg til spørsmåla sidan før ho byrja på skulen, så Elisabeth Thorsen takkar raskt ja til å svara for seg om truvedkjenninga. Ho har kort veg til bladstova òg, fire hundre meter frå Oslo domkyrkje, der ho er leiande prest. Me møtest midtvegs, på kafeen Bare Jazz i ein stille bakgard. I pausane vert tagnaden og dei ettertenksame jazztonane krydra med den ljose og lette låtten hennar. Ho innleier:

– Det opphavlege greske ordet er symbolon. Om me hadde omsett det med «dei sams trussymbola våre», hadde me oppfatta dei annleis og meir ope. Vedkjenning eller bekjennelse gjev inntrykk av at det nær sagt er ein juridisk traktat, som ein lyt slutta seg til for å høyra til – og det er ahistorisk. Truvedkjenninga er symbol for ein måte å sjå livet og æva på – som ein gudsrelasjon.

Yrkesvalet

«Jeg skal bli prest.»

Ikkje alt ein fireåring står og forkynner, vert røynd, men det vart orda som fall på kjøkengolvet i barndomsheimen i Borre i Vestfold. Då stod ho, syskena og foreldra i tunge røynsler. Ein bror hadde forsvunne på vatnet og vart funnen etter fire veker. Lokalpresten vart det viktigaste mennesket i livet. Mange år seinare skreiv ho i ein kronikk i Aftenposten: «Jeg tror jeg knyttet yrkesvalget til presten som kom med dødsbudet om at min bror hadde druknet. Denne presten viste et mot jeg aldri før hadde sett.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement