Kommentar

Lobbyistar på Løvebakken

Regelverket som gjev tidlegare stortingsrepresentantar nøkkelkort til Stortinget på livstid, har gått ut på dato.

Mange lobbyistar vil tale si sak for dei folkevalde på Stortinget. Er dei tidlegare stortingsrepresentantar, kan dei gå ut og inn som dei vil.
Mange lobbyistar vil tale si sak for dei folkevalde på Stortinget. Er dei tidlegare stortingsrepresentantar, kan dei gå ut og inn som dei vil.
Publisert Sist oppdatert

VG har i ei rekkje artiklar dei siste vekene sett lys på at tidlegare stortingsrepresentantar vitjar Stortinget på vegner av pengesterke interesser. For den dagen du vert folkevald til Stortinget, skjer det noko rart: Du får tilgang til stortingsbygningen på livstid.

Ja, det er faktisk sant. Får du éin gong tillit til å gå inn i vervet som stortingsrepresentant, kan du fornye nøkkelkortet ditt så lenge du måtte ønskje. Partiet kan vrake deg som kandidat, og veljarane kan vrake partiet ditt. Men døra til Stortinget står open for deg.

Er det ikkje kjekt? Du kan i all framtid mingle med nye folkevalde i «vandrehallen» eller slå av ein prat med gamle kjende i stortingsrestauranten. Er du oppteken av ei viktig sak? Du kan leite deg fram til det rette kontoret og banke på døra.

Og det treng ikkje berre vere kjekt for deg, men for nye arbeidsgjevarar òg. For når du har skanna kortet ditt ved inngangen, er det ingen som spør kva hatt du har på. Er du på oppdrag for pengesterke interesser? Ta med kollegaene dine òg – gjerne fem. Det kan du, utan å bryte så mykje som eit komma i Stortingets regelverk.

«Gullkort»

VG har på glitrande tabloid vis døypt det evigvarande nøkkelkortet til «gullkortet». Denne gongen er det matvareleverandørar og daglegvarekjeder som har vore på dørene for å påverke dei folkevalde gjennom ekspolitikarar. Neste gong kan det vere ein annan bransje. Poenget vil vere det same: Gjennom å hyre ekspolitikarar med fri tilgang til Stortinget, kan pengesterke aktørar, PR-byrå og advokatselskap kjøpe seg meir tid med dei som bestemmer, enn mindre aktørar kan drøyme om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement