Løn for strevet?

Hugsar du bonden som stilte til fjernsynsdebatt med hol i genseren og sa han hadde ei timeløn på 109 kroner? Bondeopprørarane har igjen kvesst knivane.

Sven Martin Håland frå Sandnes er ein av frontfigurane i grasrotopprøret, saman med Ola Berthling Lie-Husby, Arne Manger og Hans Jørgen Boye.
Sven Martin Håland frå Sandnes er ein av frontfigurane i grasrotopprøret, saman med Ola Berthling Lie-Husby, Arne Manger og Hans Jørgen Boye.
Publisert Sist oppdatert

Vinteren 2021 klarte ei handfull sinte bønder å gjere norsk matproduksjon interessant for fleire enn dei spesielt interesserte. No er dei igjen på krigsstien.

– Vi gjekk ut med eit brak, for å skape merksemd. Det klarte vi. At enkelte føler seg litt trakka på tærne, får berre vere, seier Sven Martin Håland frå Sandnes i Rogaland, ein av frontfigurane i grasrotopprøret, kjent som #bondeopprør21.

Saman med bøndene Ola Berthling Lie-Husby (som var den som møtte til NRKs Debatten med hol i genseren) frå Namdalen i Trøndelag, Arne Manger frå Lesja i Innlandet, Hans Jørgen Boye frå Ringsaker i Innlandet og Tor Jacob Solberg frå Skiptvet i Østfold starta han i januar 2021 grasrotopprøret, som gjorde at dei valde leiarane i Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag måtte konkurrere med dei fem aktivistane om taletid i media framfor jordbruksoppgjeret i fjor.

Jordbruksforhandlingane under landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) i 2021 enda, som ein del vil hugse, med brot, men Bondeopprøret innkasserte ein slags siger.

Ærleg debatt

Den fremste misjonen til opprørarane var å få fram at dei ikkje kjende seg att i den gjennomsnittsløna som Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) presenterer framfor dei årlege jordbruksoppgjera. Det fremste kravet deira var å få på plass nye utrekningar, som, slik dei såg det, ville spegle røynda til den aktive bonden på ein betre måte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement