Kommentar

Løn til himmels

Alle meiner at høge leiarløningar i staten er eit problem, men kvar gong det blir eit tema, tyr dei til det same omgrepet.

Teikning:
Publisert

Førre veke var igjen leiarløningar tema, og denne gongen skreiv Aftenposten om dei lukrative bilordningane til lønsadelen i staten. Enkelte har fått bilgodtgjersler i fleire hundretusen-kronersklassen i tillegg til millionløn.

Slike avisoppslag skapar alltid misunning og harme, for dette er jo våre skattepengar. Nok ein gong tydde dei til det same omgrepet, og denne gongen var det Pål Wibe, styreleiar i det statseigde Posten Bring som sa det: «Vi skal ha konkurransedyktige betingelser, men ikke være lønnsledende totalt sett.»

Det er ei fiffig formulering, ingen tvil om det, vi skjøner alle om lag kva det tyder. Variantar av frasen har vore brukt i tjue år, om ikkje lenger, og då spesielt innan statlege og halvstatlege selskap, anten det gjeld Entra, Telenor, Statkraft, Statnett, NRK, Avinor, Bane Nor, Vy, DNB, Equinor og Helse Nord og Øst og Vest og Sør. For å nemne nokre.

I 2006 blei formuleringa teken opp i Stortingsmelding nr. 13 (2006–2007), den såkalla eigarskapsmeldinga for statlege selskap: «Lønnsbetingelsene (...) må være konkurransedyktige, men ikke lønnsledende».

Kva tydde omgrepet i praksis? Øyvind Korsberg, som var næringspolitisk talsmann i Framstegspartiet, meinte det var eit meiningslaust styringssignal.

– Litt Ole Brumm-politikk, ja takk, begge delar, og god jul og godt nytt år på ein gong. Dette kan tolkast som alt frå null til hundre millionar. Eit forsøk på å vere politisk korrekt og skygge unna ubehagelige spørsmål, sa han til Aftenposten.

«Lederlønninger i staten er kommet i skruestikken mellom det politisk korrekte og hensynet til verdiskapningen, og politiske hensyn ser ut til å ha vunnet i meldingen», skreiv Jens Ulltveit-Moe i 2006. Og: «Vi må betale lederne både i det offentlige og det private minst mulig, men vi får alle svi hvis vi er for knuslete.»

Fyrste gong eg blei merksam på omgrepet konkurransedyktig, ikkje lønsleiande, var då eg laga eit portrettintervju med industrileiaren Eivind Reiten for Dagbladet i 2007. Han hadde nettopp vore med på å fusjonere olje- og gassdivisjonen til Norsk Hydro med det som den gong var Statoil. Reiten er ein flink fyr, ingen tvil om det, og han har alltid visst å ta seg betalt.

Men dette med høge leiarløner har alltid vore ein kjepphest for meg, nærast ei kampsak. I botnen handlar det om at eg er småleg, skeptisk og misunneleg og ikkje unner mine medmenneske millionløner, og særskilt ikkje dei som får delar av løna si frå statskassa. Igjen: Dette er mine skattepengar. Jo, folk kan sjølvsagt tene betre enn meg, men ikkje mykje betre.

Det er også eit større og meir prinsipielt spørsmål: Noregs største kapital er tillit, seiest det, det er likskap og rettferd. Desse høge leiarlønene undergrev fundamentet i tillitssamfunnet og svekker lysta vår til å bidra til fellesskapet. Og ikkje minst er slike løner bensin på bålet når fagforbund skal forhandle løn for medlemene sine. Høge leiarløner er lønsdrivande.

Kvar gong eg har fått ein halvstatleg leiar i tale, har eg derfor stilt spørsmål om lønsnivået, som med Eivind Reiten:

– Vi må snakke om løna di.

– Det er fort gjort, svara han.

Eigentleg var han møkklei av å svare på spørsmål om løna si, for som han sa: Dette kjem opp kvart år når årsmeldinga blir lagd fram. Det årlege karnevalet, kalla han det. Men han svara no at han tente 4,6 millionar, og i tillegg fekk han bonus, og på toppen av det opsjonar. I dag ville vel ingen reagere over ei slik løn, men i 2007 var ho høg. Han forsvara seg med at det var mange som hadde langt mindre ansvar enn han, men som likevel tente meir. Mykje meir.

– Les Finansavisen, så ser du alle dei som skuffar inn pengar: meklarar, advokatar, hovudjegerar og konsulentar. (Han kunne nemnt fotballspelarar.) Men viss du er førskulelærar og tener ein liten brøkdel av det eg tener, forstår eg at det blir stilt spørsmål ved om det er naudsynt å ha ei så høg løn for å gjere ein god jobb.

– Og til det svarar du?

– Til det svarar eg: Det er eit skikkelig dilemma.

Så kan ein stille spørsmålet: Er dette ein lønsspiral som vi kunne ha brote?

Eivind Reiten

Løna hans var marknadstilpassa, sa han, og la til at i Norsk Hydro var dei konkurransedyktige, men ikkje lønsleiande. Men så til dilemmaet:

– Det seier DNB, det seier Statoil og det seier Telenor. Så kan ein stille spørsmålet: Er dette ein lønsspiral som vi kunne ha brote? Og der har ikkje eg noko betre svar enn andre. Eg kan ikkje sjå korleis vi kan bryte han, all den tid det finst så mange som er villige til å betale for denne arbeidskrafta.

 

Nettopp. To år seinare, dette var i desember 2009, møtte eg Helge Lund, konserndirektøren i det som framleis heitte Statoil.

– Vi må snakke om løna di, sa eg.

– Ja, må vi det?

Sjølvsagt måtte vi det. Ifølgje Statoils årsrapport fekk Helge Lund i 2008 ei skattbar inntekt på 9.677.000 kroner, inkludert bonus, naturalytingar og langsiktige insentivordningar, som det heitte.

– Kva får Statoil igjen for desse pengane?

– Eg synest det er vanskeleg å snakke om eigne vilkår. Det er ein krevjande jobb, og eg forsøker å bruke dei eigenskapane og kunnskapane eg har, til det beste for Statoil.

– Det hadde du vel også gjort for fem millionar?

– Ja, eg har aldri meint at løna er det einaste som motiverer. Det er ein del av totaliteten.

På denne tida tente dåverande statsminister Jens Stoltenberg nær 1,1 million kroner.

– Er det Statoil som betaler for godt, eller er det statsministeren som tener for lite?

Konsernsjefane Eivind Reiten (t.h.) og Helge Lund har tatt seg godt betalt for deira bidrag til felleskapet. Foto: Lise Åserud / NTB .

– Eg trur ikkje eg vil kommentere løna til statsministeren, svara Helge Lund, og fortsette med å seie at han hadde stor forståing for at dette er eit tema som blir debattert. «Jeg tror ikke vi vil finne et lønnsnivå som tilfredsstiller alle.»

– Men det er ei god løn, sa han.

– Og eg har eit stort ansvar.

– Det har statsministeren òg?

– Mmm, sa han.

Pause.

– Ja, og eg trur tida er forbi då vi berre kan seie at leiarløner er styrets ansvar. Eg trur at vi som leiarar også må ha eit syn på om vilkåra har aksept og legitimitet.

 

Nettopp igjen. Helge Lund var inne på det. Aksept og legitimitet. Leiarane har sjølv eit ansvar for utviklinga, men tek dei det ansvaret? Nei. Det er derfor vi har politikarar som kan sette rammer, og politikarar i valkampmodus lovar alltid å ta eit oppgjer med den statlege lønsfesten. Med paukar og basunar lovar dei å ta grep, som å byte ut styremedlemer som gir statlege leiarar for høge løningar. Sist ute var Arbeidarpartiets Jan Christian Vestre, som lova å stramme kraftig inn på godtgjersler for leiarar i såkalla kategori 1-selskap som Equinor, Hydro og DNB.

Korleis det gjekk? Det fisla nok ein gong ut i ingenting.

Ein gong hadde eg ei naiv førestilling om at vi alltid valde dei beste til framskotne posisjonar i politikk, samfunn og næringsliv, ja, dei som evna å ta ansvar for heilskapen, som var opptekne av aksept og legitimitet. At dei var statsmannaktige som sette nasjon, selskap og folk over eigne interesser. Slik er det dessverre ikkje. Hadde til dømes konserndirektøren i DNB vore oppteken av omdømet til banken, ville ikkje Kjerstin Braathen teke ut ei løn på 15,4 millionar. Slikt skaper irritasjon og frustrasjon, og ein uvilje mot DNB. Det same med Telenor-sjefen Benedicte Schilbred Fasmer. Då ho blei konserndirektør i fjor fekk ho ei løn på rundt 16 millionar, og det er klart slikt irriterer Telenor-kundar.

Konsernsjef Kjerstin Braathen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Hadde til dømes konserndirektøren i DNB vore oppteken av omdømet til banken, ville ikkje Kjerstin Braathen teke ut ei løn på 15,4 millionar.

– Det er ei høg løn, men marknadsløn i Noreg og eit stort ansvar, sa Fasmer til Budstikka.

Ho fekk same løn som forgjengaren Sigve Brekke. Skulle Braathen og Fasmer tene mindre fordi dei er kvinner? Sjølvsagt ikkje. Anders Opedal, konserndirektør i Equinor, tente til dømes 20,7 millionar kroner i 2023. Trass i Jan Christian Vestres lovnader og ambisjonar. Det er som Eivind Reiten sa: ein spiral som synest umogleg å bryte.

Dei forsvarer seg gjerne med at norske leiarar tener moderat samanlikna med utlandet. Som Fasmer sa til Budstikka: «Og så er det faktisk mindre forskjeller i Norge enn i andre land på lønn til ledere og lønnsgjennomsnittet.»

 

Om gode leiarar ikkje får konkurransedyktige vilkår, forsvinn dei til utlandet, seier dei. Ja, gjer dei eigentleg det? Ein fotballspelar i den norske eliteserien kan gjerne true med å flytte utanlands om han ikkje får like godt betalt som Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard, men slike argument fører ingen stad. Jo, samanlikninga haltar litt, men poenget er at berre dei beste får spele i utlandet.

Helge Lund er ein av dei. Etter ti år i Statoil/Equinor fekk han jobb i England. Som konsernsjef i olje- og gasseselskapet BP Group skulle han i 2015 få ei grunnløn på 1,5 millionar britiske pund, om lag 21 millionar norske kroner i dagens kurs, og med bonusar kunne den totale inntekta nå 900 millionar kroner over fem år. No blei dette aldri realisert, for selskapet blei kjøpt opp av Shell, og han gjekk av.

Sjølv har han aldri stadfesta noko tal, men ifølgje Dagens Næringslivs ulike utrekningar kunne han potensielt få om lag 400 millionar kroner for eitt års arbeid fram til oppkjøpet var fullført, inkludert ein fallskjerm, diverse bonusar og aksjepakkar. Ingen veit korleis det gjekk, men seinare har det kome fram at Helge Lund fekk eit gigantisk hopp i formue frå 2021 til 2022. På eitt år auka formuen med ein halv milliard, til 705 millionar. Helge Lund speler i næringslivets Premier League og er i dag styreleiar i BP og i den danske slankemedisingiganten Novo Nordisk. Men leiarane våre i staten? Dei speler i Obos-ligaen, og har med omgrepet konkurransedyktig, ikkje lønsleiande, skapt eit kunstig høgt lønsnivå.

Ein er seg sjølv nærast, og hadde eg fått tilbod om ei løn på 15 millionar, ville eg sjølvsagt takka ja. For ei slik løn kunne eg levd godt med surmaga misunning og kritikk, og eg ville svare for meg slik som alle gjer: Løna mi er konkurransedyktig.

Sidan eg ikkje får ei slik løn, trøystar eg meg med orda til Eivind Reiten frå 2007: «Grensenytta av pengar er sterkt avtakande.»

– Grensenytta?

– Ja, altså nytta av den ekstra krona. Når du kjem opp i høge inntekter, er det avgrensa kor mykje du får ut av ho.

Vel, noko skulle eg no alltids klart å få ut av ho.