Lønssak får etterspel i Stortinget

SV-leiar Audun Lysbakken.
SV-leiar Audun Lysbakken.
Publisert

Næringsminister Jan Christian Vestre må nå svare for tilsettinga av ny direktør i Eksportfinansiering Noreg. Kontrollkomiteen på Stortinget har sendt brev til statsråden og bedt om svar på ei rad spørsmål.

Dette skjer på bakgrunn av avsløringane i Dag og Tid i oktober i år der vi påviste at Næringsdepartementet, med Iselin Nybø (V) som ansvarleg statsråd, braut leiarlønssystemet i staten ved å gje den nye direktøren ein halv million kroner meir enn lønstaket på to millionar i leiarlønssystemet. Nybø nekta å uttale seg om saka.

SVs næringspolitiske talsperson Torgeir Knag Fylkesnes stilte spørsmål til næringsministeren om saka i oktober, men fekk eit unnvikande svar. Nå er det SV-leiar Audun Lysbakken som har følgt opp saka i kontroll- og konstitusjonskomiteen, der han er medlem. Det er komiteen ved komitéleiar Peter Frølich (H) som nå stiller spørsmål til næringsministeren.

Komiteen ber nå om å få opplyst kva unntakskriterium som finst for å gå utover ramma i leiarlønssystemet, og kvar desse unntaka er heimla. Komiteen vil også ha opplyst om departementet hadde tydeleggjort overfor rekrutteringsselskapet at det eksisterte ein ufråvikeleg lønsklausul. Komiteen ber om dokumentasjon og vil også vite om selskapet hadde økonomisk interesse i at løna vart sett høgare enn regelverket tillèt.

– Høgre-regjeringa gjorde openbert ikkje jobben sin. Det er ikkje noko poeng med lønstak for toppleiarar i staten om statsrådar berre kan omgå dette, seier Lysbakken til Dag og Tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement