Lovnadar på vent
Sist Senterpartiet var så langt nede, var i 2017. Stortingsrepresentant Jenny Klinge skuldar på krigen.
Senterpartiet slit på målingane om dagen. Her ein valplakat på Grünerløkka i fjor haust.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Onsdag morgon kunne NRK melde om den verste målinga for Senterpartiet på over fem år. Med 6,9 prosent ligg dei no til og med bak SV – partiet som ikkje fekk lov til å vere med i regjering i fjor haust. Samstundes går regjeringspartnar Arbeidarpartiet fram.
Jenny Klinge sit på Stortinget for Senterpartiet.
– Kvifor går det så dårleg med Senterpartiet om dagen?
– Eg vil minne om at det er spesielle tider. Situasjonen etter at vi kom i regjering, har vore prega av krisehandtering. Så det seier seg sjølv at det å finne løysingar på stadige kriser har vorte prioritert, medan noko av det vi hadde lova å kome raskt i gang med, har måtta vente. Tolmod er ei dygd som eg skulle ønske både vi i partiet og veljarane stundom hadde øvd oss litt på. Vi har trass alt det aller meste av ein fireårsperiode framfor oss enno.
– Så du er ikkje uroa?
– Nei, eg trur det fort kan snu. Eg bryr meg lite om meiningsmålingar. Både når dei er langt nede, og når dei er langt oppe. Vi er enno tidleg i ein stortingsperiode, og det er ingen grunn til å leggje seg i fosterstilling på grunn av dårlege tal. Det er trass alt resultatet ved val som gjev oss høve til å styre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.