Intervju

Lovnader og røyndom

Ordførar Kari Heggelund i Åsnes har forlate Senterpartiet. Ho meiner partiet er vorte for kategorisk i mange saker.

Trygve Slagsvold Vedum og resten av senterpartileiinga lova for mykje, meiner Kari Heggelund. Biletet viser Vedum under Arendalsuka i 2021.
Trygve Slagsvold Vedum og resten av senterpartileiinga lova for mykje, meiner Kari Heggelund. Biletet viser Vedum under Arendalsuka i 2021.

Senterpartiet har i mange år vore ordførarpartiet med stor oppslutning i dei fleste distriktskommunane. No står partiet i fare for å miste ordføraren i fleire kommunar. Sidan sist kommuneval har partiet halvert oppslutninga. Ifølgje ei oppsamling av dei siste målingane på nettstaden Pollofpolls er partiet no nede i 7,2 prosent nasjonalt.

Dag og Tid har tala med ordføraren i Åsnes, Kari Heggelund, mellom krisemøte desse uvêrsdagane. Heggelund vart vald som ordførar for Senterpartiet, men stiller i haust til val for Samlingslista i Åsnes.

– Du har bytt parti frå Sp til ei lokal liste i løpet av valperioden. Kvifor det?

– Vi har hatt ein vanskeleg skuledebatt lokalt. Lokalt gjekk Senterpartiet inn for å legge ned skular, medan noko anna har vorte kommunisert overordna nasjonalt. Senterpartiet har stått for ein respekt for lokale forskjellar. Det har eg alltid likt. Men Senterpartiet er vorte for kategorisk i skulesaka. Eg har forståing for at til dømes øysamfunn og rasutsette område treng skular i nærområdet. Men vi har ikkje dei finansielle musklane til å drive godt på alle skulane vi hadde her i kommunen, ut ifrå at vi må jobbe førebyggjande. Det viktigaste er å ha eit godt tilbod til dei unge.

– Eit partiskifte går vel utover tilliten?

– Det er ei utfordring. Det var på ingen måte ein ønskt situasjon å melde seg ut av partiet, men det er heller ikkje ønskjeleg å verte ei belasting for partiet. For meg vart det viktigare å gjere det eg er overtydd om er rett for kommunen langsiktig. Det lét seg til slutt ikkje sameine med å halde fram i partiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement