Krig
Lyden av elektrisitet
Dei siste to månadene har Kyiv byrja høyrast ut som ein traktorfabrikk.
Ukrainske brannfolk sløkkjer brann i ein transformatorstasjon etter eit russisk åtak frå lufta over storbyen Kharkiv.
Foto: Yakiv Liashenko / AP / NTB
Eg har sant å seie aldri vore i ein traktorfabrikk, men eg innbiller meg at støyen i mange av bygatene er som i verkstadene der dei lagar slikt tungt utstyr. Det er lyden av generatorar som no erstattar hovudforsyninga av elektrisk kraft.
I ei av dei sentrale gatene i Kyiv – Jaroslaviv Val – står det generatorar og buldrar for kvar 15.–20. meter. Ofte buldrar dei frå tidleg om morgonen til lunsjtid og forsyner kafear, butikkar og venleikssalongar med straum. Så – i tre–fire timar, kjem den vanlege elektrisiteten att, og gata blir overraskande stille. Eller, for å vere meir presis, ho blir stillare, og etter bråket frå generatorane går bilane nærmast lydlaust i gata.
Men om kvelden blir straumen slått av att, og igjen er det støyen frå generatorane som fyller lufta. Skjema for straumutkopling i ulike område kan ein finne på internettet, og verksemder – særleg barar og restaurantar – er nøye med å be kundane om å betale med kort før straumen forsvinn og det er tid for stearinlys og kontantar.
I tillegg til å auke støynivået i byen har desse utkoplingane av den vanlege straumen ført til eksplosjonar og brannar i husvære. Folk i Kyiv som har råd til det, kjøper kraftige batteri og andre innretningar for lagring av straum, noko som gjer det råd å bruke alt i bustaden som om det ikkje var straumutkopling.
Folk med mindre pengar må vere kreative, og mange koplar bilbatteri til det elektriske systemet i bustaden. Det første folk gjer når straumen er attende, er sjølvsagt å lade alt som ladast kan: batteribankar, mobiltelefonar, datamaskinar og – eventuelt – bilbatteri.
Fleire av desse systema har eksplodert under lading og vore årsak til alvorlege brannar. Innbyggjarar i Kyiv som vaknar om natta på grunn av slike eksplosjonar, spring først for å gøyme seg i gangar og søkjer så på internett etter detaljar om det dei trur er enda eit russisk åtak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.