Utanriks

Må fjerne oligarkmakta

Georgia har søkt EU-medlemskap i lag med Moldova og Ukraina. Står mangemilliardær og partigründer Bidzina Ivanisjvili i vegen?

Georgiske EU-tilhengjarar marsjerer gjennom gatene i Tbilisi den 20. juni, i det som vart den største demonstrasjonen på fleire tiår.
Georgiske EU-tilhengjarar marsjerer gjennom gatene i Tbilisi den 20. juni, i det som vart den største demonstrasjonen på fleire tiår.

Georgia må «av-oligarkiserast». Det er eitt av tolv krav EU-kommisjonen har stilt til Georgia for at landet skal kunne starte den lange vegen mot EU-medlemskap.

Meir inngåande skriv EU- kommi­sjonen at Georgia må setje seg som mål å av-oligarkisere samfunnet, ved å fjerne den omfattande påverknaden einskildpersonar i dag har innan økonomi, politikk og samfunnsliv.

Kva inneber det? Regjerings­kritiske georgiarar er ikkje i tvil. For dei har oligarkmakta i landet eit andlet, og det tilhøyrer mangemilliardæren Bidzina Ivanisjvili, som i 1990-åra tente seg rik på forretningar i Russland, og som for om lag ti år sidan grunnla partiet som i dag styrer landet, Georgisk draum.

Tre EU-søknader

Georgia og Moldova sende EU-søknadene sine omtrent på same tid som Ukraina, i kjølvatnet av den russiske invasjonen. Men søknadene deira har naturleg nok ikkje fått den same merksemda som søknaden frå det krigsherja landet.

Sjølv om dei tre landa står i ulike situasjonar, og er av ulik storleik, har dei viktige felles erfaringar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement