Kommentar
Må verte folkelesnad
Det gjer vondt å lese om korleis folkegrupper har vorte sette på som mindre verdfulle. Difor er det så viktig at «Sannhet og forsoning» vert tilgjengeleg på offentlege bibliotek og kontor.
Kapittelet «Kirkeliv, religiøsitet og åndelighet» i Sannings- og forsoningskommisjonens rapport er illustrert av Susanne Hættas kunstverk «Neon Jesus» (2014).
Foto: Susanne Hætta
Når eg no skal skrive om rapporten til Sannings- og forsoningskommisjonen, gjer eg det klårt at eg ikkje klarer å lese 700 sider, ikkje eingong på to veker. For det gjer framleis vondt å lese om korleis kvenar, skogfinnar og samar i lange periodar har vore sette på som mindre lojale, mindre intelligente og mindre verdfulle og difor har vorte undertrykte og fornedra både på individ- og gruppenivå. For somme har det ikkje tatt slutt.
Eg har sjølvsagt lese samandraget, og eg har lese det på norsk, fordi samisk aldri vart mitt morsmål. Konsentrasjonen min for lange lesestrekk er dårleg, fordi eg alltid er på vakt, hjernen søv aldri. Det skreiv eg om til kommisjonen; noko er øydelagt i meg, etter at eg opplevde mobbing og rasisme i barndomen. Eg slapp ikkje unna i ungdomen eller som vaksen heller, sjølv om det hender sjeldnare no.
Eg har forsona meg med barndommen, og eg lever greitt med avgrensingane mine. Eg liker ikkje at folk synest synd på meg. Slik er det for meg, slik er det for dei fleste. Vi går vidare, men stadig er det nokon som pirkar på dei indre sårskorpene. Denne gongen er eg berre takksam, når det inneber ein ny sjanse til å kaste lys på delar av samisk historie som andre skribentar sjeldan rører ved.
I eit prosjekt eg har drive med dei tre siste åra om Finnmark, der finnmarkingar pratar fritt om identitet, stader, oppvekst og draumar, kjem dei alltid inn på hendingar og situasjonar som har vore relevante, kanskje tilmed livsendrande og skjebnesvangre.
Éin stod fram som transperson i sjette klasse og vart mobba for det. Éi var på vippen til å velje fiskaryrket, men ombestemte seg fordi det vart venta at ho skulle mislukkast. Éi tok det skoltesamiske språket attende som vaksen og oppdaga at kulturen hadde vore i og rundt ho heile livet. Éi kunne både samisk og morsmålet kvensk i oppveksten, sjølv om dei vart nekta å snakke det på internatskulen.
Kvifor fortelje det til ei framand forfattar som kjem rekande? Fordi finnmarkingar ønskjer å vere opne, og i små samfunn veit alle kven far og mor di er, så du må aldri tru at du kan gøyme deg. Tryggleik og konformitet går hand i hand, for slik får dei hjula til å gå rundt i samfunn med eit par hundre sjeler eller færre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.