Maktskifte i Polen
Det konservative Lov- og rettferdspartiet (PiS) til Jaroslaw Kaczinsky fekk flest røyster, men tapte valet. Borgarplattforma (PO) og Donald Tusk skipar ny regjering.
Donald Tusk, leiar i Borgarplattforma (PO), taler etter at valresultata blei annonserte i Warszawa i Polen 15. oktober.
Foto: Reuters / Kacper Pempel
Då det blei klart, gjekk sjampanjekorkane i taket i Tusks valhovudkvarter i Warszawa søndag kveld. Og dei opna nok ei flaske eller to i Brussel og Berlin òg.
PiS fekk 35,6 prosent av røystene og 194 sete i nasjonalforsamlinga (sejmen). Men det blir Borgarplattforma (PO) leia av Donald Tusk, som kjem til å skipe ny regjering i Polen, sjølv om partiet hans fekk færre røyster – om lag 31 prosent av røystene og 157 sete i nasjonalforsamlinga.
Tusk gjekk til val med ein gentlemens’ agreement om støtte frå to mindre parti frå sentrum og venstre. Og då alt tyda på at desse støttepartia gjorde gode val, medan PiS’ høgreradikale støtteparti, Forbundet for fridom og sjølvstende, gjekk klart tilbake (det enda opp med berre 7 prosent av røystene og 18 mandat), gjekk Tusk ut og erklærte siger alt då vallokala stengde søndag kveld.
Koalisjonen som vann
Då hadde Tusk rekna ut at med nær 160 mandat til sitt eige parti, saman med mandata til dei to støttepartia – den nye sentrumsalliansen Trzecia Droga (med over 14 prosent av røystene og 65 mandat) og venstrekoalisjonen Lewica (med 8,6 prosent og 26 mandat) – ville dei få rundt 250 mandat til saman. Dette utgjer eit fleirtal i nasjonalforsamlinga (som har 460 sete), og nok til å skipe ei koalisjonsregjering med sentrum–venstreprofil.
– Eg har vore ein sportsmann heile livet, og eg er den lykkelegaste mannen i verda med denne andreplassen. Polen har vunne. Demokratiet har vunne. Vi har fjerna dei frå makta, sa Tusk – og med «dei» viste han til dei bitre motstandarane i det konservative PiS.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.