– Mange sit på gjerdet

– Trump har ikkje fått den oppslutninga han hadde håpa på, seier professor Torbjørn Lindstrøm Knutsen.

Tysdag denne veka kunngjorde Donald Trump at han vil stille som kandidat ved presidentvalet i 2024.
Tysdag denne veka kunngjorde Donald Trump at han vil stille som kandidat ved presidentvalet i 2024.
Publisert

Mange republikanarar meiner Trump har skulda for at mellomvalet ikkje gjekk så bra som dei hadde håpa. Det var likevel venta at Trump ville stille som presidentkandidat, noko som vart stadfesta i talen tysdag kveld.

– Kvifor valde Trump å stille til val igjen?

– Det er egoistisk frå hans side. Han trivst med å bli tilbeden og hylla, han likar å vere viktig og mektig, det er den viktigaste drivkrafta, seier Torbjørn Lindstrøm Knutsen, professor i sosiologi og statsvitskap ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU).

– Kva var inntrykket ditt av talen til Trump tysdag kveld?

– Trump var moderat i tonen og hadde ingen av desse underlege improvisasjonane, iallfall ikkje noko å snakke om. Det var openbert at han las opp frå ein teleprompter. Han hadde fått beskjed om å vere kontrollert. Forma på talen var god, men innhaldet var som tidlegare: fullt av bløff og sludder. Likevel gjorde måten han serverte det på, at det verka truverdig.

– Mange republikanarar skuldar på Trump for at valet ikkje gjekk så bra som det kunne ha gjort. Er Trump no skadeleg for Det republikanske partiet?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement