Mange syndarar i offentleg forvaltning
Staten har i årevis brote kravet om skriftleg dokumentasjon i tilsettingssaker.
Byråd for byutvikling Hanna Marcussen (MDG) har skriftleg opplyst at det ikkje er vanleg praksis å lage referat etter møte med utbyggarar.Byråd for byutvikling Hanna Marcussen (MDG) har skriftleg opplyst at det ikkje er vanleg praksis å lage referat etter møte med utbyggarar.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpixFoto: Heiko Junge / NTB scanpix
Manglande skriftleg dokumentasjon er eit omfattande problem i offentleg forvaltning. Det kan ha ført til urette avgjerder.
Nav-skandalen har avdekt grov svikt når det gjeld skriftleggjering av tema som har vore oppe til drøfting internt i Nav og mellom Nav og departementet.
Forvaltningslovutvalet, som kom med framlegg til ny forvaltningslov i fjor, strekar for sin del under kravet om skriftleg dokumentasjon i forvaltninga.
Forvaltningslova og rettspraksis stiller krav om forsvarleg saksbehandling i det offentlege. Eitt element i dette er nedteikning (referat) av munnlege opplysningar frå møte eller telefonsamtalar.
Såleis heiter det i paragraf 11 d, andre ledd i forvaltningslova: «Blir det ved muntlige forhandlinger, konferanser eller telefonsamtaler av en part gitt nye opplysninger eller anførsler av betydning for avgjørelsen av saken, skal de så vidt mulig nedtegnes eller protokolleres.»
Det gjeld i forholdet mellom ein part og det offentlege organet som skal ta ei avgjerd. Typiske saker er utbyggings- eller reguleringssaker, saker om løyve og saker som gjeld offentleg godkjenning. Her er det gjerne snakk om store økonomiske verdiar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.