Manusforfattarar mot kunstig intelligens
Fagforeininga for manusforfattarar i USA har gått ut i streik. Dei kjempar for betre vilkår og mot å bli erstatta av kunstig intelligens-system.
Writers Guild of America-medlemmar og støttespelarar markerte seg utanfor Sunset Bronson Studios og Netflix Studios etter at fagforeininga gjekk ut i streik for film- og TV-forfattarar i Los Angeles.
Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB
Den 2. mai gjekk dei om lag 11.500 medlemmane av Writers Guild of America (WGA) ut i streik. Fagforeininga representerer forfattarar som skriv for film, TV, radio og andre digitale plattformer. Det er ikkje ei stor gruppe menneske, men innverknaden deira i USA og verda er enorm. Dei skriv forteljingane me ser på kino, TV og PC-ane våre. Mykje av den amerikanske kulturarven me får servert frå me er barn her i Noreg, er ført i pennen av medlemmar av WGA.
Streiken vil forseinke produksjonen av ulike filmar og TV-program. Manusforfattarane krev betre arbeidsvilkår, men det mest spennande med streiken er forhandlingane om bruken av kunstig intelligens (KI).
No som KI trugar fleire skrivaryrke, frå omsettarar til journalistar, vil kampen manusforfattarane fører mot KI, kunne bli symboltung. Teknologimagasinet Wired skriv at WGAs handlingar vil kunne påverke fagrørsla: «Med verdas auge retta mot WGAs kamp, kan sigrar og tap sette presedens for andre bransjar.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.