Jakob Sande skreiv dikt om han Simon i støa og katten som båe var redde for vatn – eit vaskeekte sunnfjordsk rim. Det var nok ikkje vasskrekk Sande sikta til, men heller at gamle Simen var nokså lemfeldig med kroppsvasken.
Sjølv har eg aldri fått negative tilbakemeldingar på kroppshygienen, men eg må vedgå at eg har eit mildt sagt samansett forhold til vatn.
Det er i grunnen rart. Eg voks opp ved ein fjord. Som barn rak eg i fjæra året rundt og leitte etter skjel og krabbar, eg fiska når sjansen baud seg, bada så sant temperaturen var toleleg, bygde flåtar av plankebitar og tomme oljefat og padla langt utpå fjorden.
Eg var til og med yrkesfiskar eit år i ungdommen og kan enno minnast den frydefulle fridomskjensla ved å stå på dekk, la blikket kvile på horisonten og kjenne kroppen følgje rørslene i båten. Ein er trygg i ein båt langt til havs. Sjølv på danskebåten kan eg enno merke den same gleda når vi forlèt hamna og stemner utover. Vatn burde vere mitt element.
Det er det òg, så lenge eg står trygt på eit båtdekk. Det er når eg kjem i direkte kontakt med det våte elementet, når eg badar, ein isnande angst med eitt kan gripe meg.
Men det er ikkje vatnet i seg sjølv som skremmer; eg er ikkje redd for å drukne. Det er det som er i vatnet, eller rettare sagt det som kan vere i vatnet, det ukjende, som får blodet til å fryse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.