Transport
– Me har bevis for at konkurranse fungerer
Høgre meiner jernbanereforma har vore vellykka.
![Trond Helleland er transportpolitisk talsmann for Høgre.](https://image.dagogtid.no/621991.webp?imageId=621991&x=12.22&y=0.00&cropw=80.68&croph=100.00&width=712&height=592&format=jpg)
– Me hadde ein jernbane som nærast var ihelkøyrd, og me hadde ei organisering som var ineffektiv, og som ikkje sette passasjerane i sentrum, seier Trond Helleland, transportpolitisk talsperson i Høgre, om situasjonen i jernbanen i 2015.
Han meiner reforma var nødvendig:
Den nye organiseringa har gitt eit betre togtilbod til dei reisande.
Trond Helleland, Høgre
– Me brukte ein milliard på å gjennomføra ei ny organisering av sektoren. Jernbanedirektoratet berekna at reforma ville spara staten for 12 milliardar kroner. No er føresetnadene for det reknestykket endra, men om gevinsten er 12, 10, eller 5 milliardar, speler inga rolle. Den nye organiseringa har gitt eit betre togtilbod til dei reisande. Det er det Høgre er mest opptekne av, seier Helleland til Dag og Tid.
– Ein ny rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI) viser at reforma så langt ikkje har gitt innsparingar, og at utgiftene per køyrde personkilometer er høgare no enn dei var før reforma. Korleis rimar dette med målet om å spara pengar?
– Gevinstane er ikkje berre knytte til køyrde personkilometer. I tillegg til konkurranseutsetjinga av persontrafikken kjem også reduserte kostnader til forvaltning, drift og vedlikehald i jernbanesektoren og betre eigedomsforvaltning i Bane Nor, seier Helleland.
– Riksrevisjonen og KPMG peikar på at reforma har gjort sektoren meir fragmentert?
– Alt er ikkje perfekt, me treng justeringar av reforma me innførte. Tilbodet er heller ikkje godt nok. Me kan ikkje leva med at pendlarar kvar dag står på perrongen og lurer på om dei vil rekka fram til kontoret i tide, eller om dei får henta i barnehagen. Men Høgre meiner ikkje at svaret på utfordringane me ser i sektoren i dag, er å gjenoppretta eit stort statleg monopolselskap. Me må sjå framover og utvikla eit godt togtilbod for passasjerane.
– TØI peikar på at samarbeidet i sektoren har vorte dårlegare etter reforma. Kva tenkjer de om det?
– Før reforma var veldig mange samde i at det var uklar ansvarsfordeling i sektoren og altfor lite kundefokus. Alle ville ha forandring. Både Jernbaneverket, Flytoget og NSB peika på løysingar som låg meir eller mindre tett opp til det Stortinget og partia våre vedtok, hevdar Helleland.
– Me har bevis for at konkurranse fungerer. Ein TØI-rapport frå 2010 fann at konkurransen på Gjøvikbanen har «bidrege til lågare kostnader [...] og betre tilbod for dei reisande». Ein fersk studie frå Europakommisjonen viser òg at konkurranse gir lågare prisar og auka kvalitet, seier han.