Med båe beina planta i bygdejord

Senterpartiet dyrkar dobbelprofilen som styringsparti og storsnuta motstraumsparti.

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum vil ta heile landet i bruk.
Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum vil ta heile landet i bruk.
Publisert

Senterpartiet snur ikkje kappa etter vinden; det er vinden som har snudd. Dette er eit av glansnummera til Trygve Slagvold Vedum. Det er både rett og gale, avhengig av kor langt ein drar dei historiske linene.

Partiet har alltid vore motstraums, og oppslutninga har gått som ein jojo. Dei hadde sterk EEC/EF/EU-vind i ryggen i 1972 og i 1994, og EØS i 2019. I det lange perspektivet har Senterpartiet vore gjennom fleire hamskifte, men det er likevel til å kjenna att i verdikonservativ og bondekledd bygdeham. «Man kan ikke bebreide tigeren at den har striper», har Kåre Willoch sagt om partiet.

Ein annan måte å sjå det på er at Senterpartiet har hatt beina planta i norsk jordsmonn, medan det politiske landskapet har flytta seg mot høgre og landbruket har blitt avhengig av den politiske økonomien i offentleg sektor. Derfor har Senterpartiet gått til venstre.

Namnestriden i 1959 er forvitneleg. Det stod om partisjela og sentrumspolitikk som vimpel for framtidsvona. I bakgrunnen spøkte den evige borgarkrigen mellom Per Borten og Jon Leirfall.

Etter årelange dragkampar og ei illeluktande tilråding om «Bygdefolkets Samlingsparti», stod det mellom dei som ville halda på «bonde» i namnet, dei som ville bytta det ut med «bygd», og dei som ville ha noko med «sentrum». Etter ein uttrøyttande stillingskrig hamna landsmøtet på det forunderlege kompromisset «Norsk Folkestyreparti (Demokratene)».

Det nye namnet fekk mange straffespark mot seg, så på eit ekstraordinært landsmøte eit halvt år seinare kraup periferipartiet til korset og tok namnet Senterpartiet. Det var eit lån frå Sverige, der Bondeförbundet hadde døypt seg om til Centerpartiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement