Donald Trump

Med eit pennestrok

Donald Trump signerer presidentordrar med brei penn. Ja, han brukar ein tusj som du kan få kjøpt på Clas Ohlson.

President Donald Trump brukar tusj når han signerer presidentordrar. Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Publisert

Det er høgtidsstund når vener, familie og politiske kollegaer blir inviterte til Det kvite huset for å vere til stades når presidenten set namnetrekket sitt på presidentordrar. President Donald Trump har vore særdeles aktiv sidan han igjen sette seg bak eikeskrivebordet på Det ovale kontoret. Frå fyrste dag signerte han presidentordrar om alt frå å sende militære styrkar til grensa mot Mexico og å legge ned all bistand til å fjerne forbodet mot å nytte plastsugerøyr i statlege verksemder.

Det siste var elles ei reversering av ein presidentordre frå president Joe Biden.

Retten til såkalla executive orders er ikkje eksplisitt nemnd i grunnlova, men i artikkel 2 står det å lese: «The executive Power shall be vested in a President of the United States of America.» Som i norsk omsetting blir noko slikt som: «Den utøvande makta skal liggje hos ein president i Sambandsstatane.»

Den fyrste som tolka dette som ein rett til å skrive under på direktiv utan å få saka godkjend i Kongressen, var George Washington. Mot slutten av den fyrste perioden sin sende han ein ordre om at USA ville halde seg nøytral i krigen mellom Frankrike og Storbritannia. Erklæringa var eit signal om at USA ville prioritere eigne interesser, men det blei debatt om i kva grad ein president hadde rett til å ta slike avgjerder utan at saka blei handsama i Kongressen.

For det er det som kjenneteiknar desse ordrane. Ein presidentordre er eit offisielt direktiv frå USAs president til dei føderale styresmaktene. Presidenten kan ikkje endre lover, men endre korleis lovene blir handheva. Kan ingen stanse han? Jo, dersom ordrar bryt grunnlova eller eksisterande lover, kan domstolane blokkere dei.

I førre hundreåret tok bruken av presidentordrar av, og den som sette rekord, var Franklin D. Roosevelt, president frå 1933 til 1945. Rett nok var det økonomisk krise og verdskrig, og det forklarer mange av dei til saman 3721 ordrane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement