Med fotballen mot krigen

Krigen i Ukraina har ført til sanksjonar i fotballverda. Men russiske oligarkar er ikkje dei einaste som fuskar i den internasjonale fotballen.

Chelsea-fansen med eit banner til støtte for eigar Roman Abramovitsj under kampen mot Newcastle førre helg.
Chelsea-fansen med eit banner til støtte for eigar Roman Abramovitsj under kampen mot Newcastle førre helg.

Kampen mellom Chelsea og Newcastle sist sundag vart symboltung for den tilstanden engelsk fotball er i no. Vertane i blå er eigde av ein russisk oligark med tette band til Putin og Kreml. Bortelaget er eigd av eit fond leia av ein saudiarabisk kronprins som i sju år har vore innblanda i ein brutal krig i Jemen.

Merksemda er difor retta mot det meste anna enn fotballen denne sundagen. I forkant av oppgjeret vart det kjent at Chelsea-eigar Roman Abramovitsj stod på sanksjonslista til britiske styresmakter. Heilt sidan 2003 har den russiske oligarken med tette band til Putin spytta pengar inn i klubben. Sidan då har dei vunne Premier League fem gonger og Champions League to gonger. Ein krig i Ukraina måtte til for å setje spørsmålsteikn ved rolla hans i den engelske fotballen.

Abramovitsj skapte rikdommen sin på å overta det russiske oljeselskapet Sibneft – i dag kjent som Gazprom – på midten av 90-talet. Han kjøpte selskapet til ein verdi av 250 millionar dollar, ein pris langt under reell marknadsverdi. Ifølgje New York Times er Abramovitsj ein av oligarkane som har vore i folden til den russiske presidenten lengst. Den britiske statsministeren Boris Johnson meiner iallfall at linken mellom dei to er sterk nok til å setje han på sanksjonslista.

Sportsvasking

Roman Abramovitsj er ikkje noko unnatak i den moderne toppfotballen. Tvert imot. Situasjonen som dei blåkledde frå London no er i, er beskrivande for den floken fotballen finn seg i. Fleire klubbar har meir enn gjerne late seg overta av tvilsame pengemenn.

Paris Saint-Germain er eigd av Qatar Sports Investment, medan Manchester City er eigd av sjeik Mansour bin Zayed Al Nahyan frå dei sameinte arabiske emirata. Begge er tradisjonsklubbar, men ingen av dei hadde hatt nemneverdig suksess i åra før overtakinga. Suksess med ein stor fotballklubb gjev eit namn og tilgang til eit stort kontaktnett i Europa. I tillegg vert dei største klubbane dyrka som merkevarer – noko som igjen genererer endå meir inntekter. Enno har verken PSG eller Manchester City makta å vinne den aller gjævaste europeiske fotballturneringa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement