Energi
Med kol i straumen
Russland kuttar i gassleveransen til fleire land. Spesielt Tyskland fryktar ein kald vinter.
Dagbrot og kolkraftverk ved byen Nochten aust i Tyskland.
Foto: Matthias Rietschel / Reuters / NTB
Ei krise kjem sjeldan åleine. Sist helg vart det målt 39 gradar i den tyske byen Cottbus – så varmt som aldri før midt i juni i den austtyske byen. I området rundt herja store skogbrannar landskapet. Men medan Tyskland fekk smake på den ekstreme varmen resten av Europa har vore plaga med dei siste vekene, var hovudtemaet i tyske medium korleis ein skal unngå å fryse gjennom vinteren.
– Gassforbruket må gå vidare ned, og meir gass må på lager, elles vert det verkeleg knapt i vinter, seier visekanslar Robert Habeck.
I løpet av helga vart det klart at Russland alt no har redusert gasseksporten til landet. Sidan førre veke vert 60 prosent mindre gass enn vanleg leidd gjennom gassrøyrleidninga Nord Stream 1 som går i land på den tyske austersjøkysten. I staden for ein kapasitet på opptil 167 millionar kubikkmeter gass per dag når no berre 67 millionar kubikkmeter gass Tyskland. Kvifor? Det russiske statskonsernet Gazprom skuldar på forseinkingar i vedlikehaldsarbeidet med røyrleidninga. Næringsminister og visekanslar Robert Habeck er derimot overtydd om at avgjerda er politisk motivert.
– Det er heilt tydeleg Putins strategi å uroe oss, drive prisane i vêret og splitte oss, sa visekanslaren på ein pressekonferanse sist helg.
Siemens Energy, som er ansvarleg for vedlikehaldet, har stadfesta at arbeidet er forseinka på grunn av ein gassturbin som står fast i Canada. Likevel finst det to alternative forsyningsvegar inn til Tyskland: Jamal-røyrleidninga, som går over Belarus og Polen, og Transgas-røyrleidninga, som går gjennom Ukraina og Slovakia. Trass i vedlikehaldsproblema i Nord Stream 1 leverer begge desse mindre mengder gass enn før. Ifølgje Der Spiegel kan det tyde på eit medvite forsøk på å auke prisane frå Russlands side.
Det er no knytt spenning til om Russland har planlagt å kutte gassleveransen ytterlegare den neste tida. I juli skal det utførast eit anna årleg vedlikehaldsarbeid på gassrøyrleidninga. Mellom 11. og 21. juli vert gasstraumen difor skrudd heilt av. «Eg veit ikkje om det etter vedlikehaldet vert levert 40 prosent, 60 prosent, 100 prosent eller 0 prosent gass», seier Klaus Müller, sjef for Bundesnetzagentur – det føderale forvaltningsorganet som har tilsyn med mellom anna elektrisitet og gass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.