Kommentar
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
Ei ung georgisk kvinne står i den harde spruten frå ein vasskanon. Ho har eit klissvått georgisk flagg rundt skuldra og held armane heva over hovudet medan ho viser fingeren mot opprørspolitiet inne i borggarden.
«Eg har aldri sett spesialpolitiet så brutale som no», skreiv ein forkjempar frå Menneskerettshuset i Tbilisi til meg på e-post etter demonstrasjonen sist laurdag. Dei banka opp fredelege demonstrantar. Advokatar rapporterte om at meir enn 300 vart arresterte i protestane den siste veka. Fleire av dei hadde kjevebrot og hjerneristing. Årsaka til demonstrasjonane er misnøya med at regjeringa i Georgia har stogga forhandingane om EU-medlemskap.
Fyrste gong eg såg spesialstyrkane i Tbilisi, var i april 2009. Folk hadde samla seg til ein demonstrasjon framfor parlamentet, der eg hamna samen med systera mi midt i påskeferien. Det verka roleg, men det låg ei spenning i lufta. Fyrst oppe i ei sidegate såg vi spesialstyrkane i borggarden. Hundretals velutstyrte politimenn ventande, klare til åtak. No venta dei ikkje.
Videoane frå åtaka viste politiet som jakta journalistar og storma inn på apotek og metrostasjonar på jakt etter demonstrantar på veg heim. Det minte meg om scener frå då eg var på Maidan i hjarta av Kyiv for elleve år sidan. Som der starta protestane spontant etter at regjeringa sa dei ville stogge integreringa med EU. Som i Ukraina hadde ikkje demonstrantane i Georgia nokon leiar.
Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane stor tiltru til politikarane. Bilete frå Tbilisi synte at folk her òg delte mat og utstyr samt oppretta SOS-grupper for juridisk hjelp. Etter at styresmaktene svara med vald, slutta fleire folk seg til protestane. Dei ville verne om rettane sine.
Politiets brutale framferd fyrte opp enkelte demonstrantar som heiv flasker og fyrverkeri mot parlamentsbygningen. Men fleire tusen brukte retten til å ytre seg på fredeleg vis. Dei såg mot Europa, ikkje Russland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.