Med valet av Trump har dei amerikanske veljarane forkasta liberalismen, skriv Francis Fukuyama.

Donald Trump på scenen på Palm Beach County Convention Center i Florida då nok røyster var talde til at han kjende seg trygg på siger i presidentvalet.
Donald Trump på scenen på Palm Beach County Convention Center i Florida då nok røyster var talde til at han kjende seg trygg på siger i presidentvalet.
Publisert

Den overveldande sigeren til Donald Trump og Det republikanske partiet førre tysdag vil føre til store endringar på viktige politikkområde, frå innvandring til Ukraina. Men implikasjonane av valet strekkjer seg langt utover desse spesifikke saksfelta. Amerikanske veljarar har klart og tydeleg forkasta liberalismen og den forståinga av eit «fritt samfunn» som har utvikla seg sidan 1980-talet.

Då Trump vart vald første gong i 2016, var det lett å tru at denne hendinga var eit unntak. Han stilte mot ein svak motstandar som ikkje tok han alvorleg, og Trump fekk uansett ikkje eit fleirtal av røystene totalt. Då Biden vann Det kvite huset fire år seinare, verka det som om ting hadde vendt tilbake til det normale etter ein katastrofal presidentperiode. Etter valet i førre veke verkar det no som om det var Bidens presidentperiode som var anomalien, og at Trump innleier ein ny æra i amerikansk politikk og kanskje for verda som heilskap.

Denne gongen røysta amerikanarane fullt medvitne om kven Trump var, og kva han representerte. Ikkje berre vann han fleirtalet av stemmene og kvar einaste vippestat, men republikanarane tok tilbake Senatet og ser ut til å halde på Representanthuset. Gjeve den dominansen dei alt har i høgsterett, ligg dei an til å kontrollere alle dei viktigaste greinene av regjeringa. Men kva er dei grunnleggande karaktertrekka til denne nye fasen av amerikansk historie?

Klassisk liberalismeer ein doktrine som bygger på respekt for likeverdet til individa gjennom ein rettsstat som vernar rettane deira, og gjennom grunnlovsfesta avgrensingar av statens evne til å gripe inn i desse rettane. Men gjennom det siste halve hundreåret har denne grunnleggande impulsen gjennomgått to store forvrengingar.

Den første var framveksten av «nyliberalismen», ein økonomisk doktrine som heilaggjorde marknadene og reduserte regjeringane si evne til å beskytte dei som vart skadde av økonomiske endringar. Verda vart totalt sett mykje rikare, medan arbeidarklassa mista jobbar og moglegheiter. Makt vart flytta bort frå stadene der den industrielle revolusjonen opphavleg hadde funne stad, til Asia og utviklingsland i andre verdsdelar.

Den andre forvrenginga var framveksten av identitetspolitikk, eller det ein kan kalle «woke-liberalisme». Det progressive engasjementet for arbeidarklassa vart erstatta av målretta vern for eit smalare utval av marginaliserte grupper: etniske minoritetar, innvandrarar, seksuelle minoritetar og liknande. Statsmakta vart i aukande grad brukt til å styrke statusen og rettane til desse gruppene i samfunnet, ikkje til å sikre upartisk rettferd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement