Meiner valdtektssaker har låg status

Etter å ha følgt åtte rettssaker er Heidi Helene Sveen kritisk til politiet si etterforsking av valdtekter.

Publisert

I boka «Det var ikke voldtekt». Ti menn forsvarer seg i retten kartlegg Sveen mytar om valdtekt og forteljingar som dei ulike partane i retten presenterer. Ho har fått mange detaljerte skildringar av fleire valdtektshendingar.

– Det har vore ei skakande erfaring, fortel ho.

– Kva er ei valdtekt?

– Valdtekt er ei grov integritetskrenking med stort skadepotensial, uavhengig av type valdtekt. Mange valdtekter skjer når dei utsette har grunn til å føle seg trygge, altså i private heimar og av nokon offeret kjenner. Valdtekta representerer dermed eit enormt tillitsbrot som kan vere vanskeleg for den utsette å reparere.

– Vi kan ofte høyre diskusjonar om samtykke i samband med valdtekt. Kor går grensa for samtykke?

– I den offentlege samtalen blir det ofte hevda at dette med seksuelt samtykke er vanskeleg. Eg er ikkje samd. Då ville i så fall langt fleire av oss vere skuldige i valdtekt. Eit samtykke skal vere frivillig og uttrykkeleg. Dei som ikkje intuitivt forstår kva som ligg i dette, bør avstå frå seksuell kontakt inntil dei har skaffa seg klarleik. Min påstand er at de fleste gjerningspersonane er for feige til å be om løyve og difor heller satsar på tilgjeving.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement