– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Skal ein avkriminalisere eller legalisere narkotika? Fungerer straff, og kven skal definerast som rusavhengige? Regjeringa la førre veke fram ei stortingsmelding om rusmiddelpolitikk. Dei vil ikkje avkriminalisere bruk og oppbevaring av narkotika til eige bruk. Til neste år kjem regjeringa med forslag til lovendringar i ein eigen lovproposisjon.
Ronny Rene Raveen har skrive boka Blålys og kokain. En politimanns vei inn i rusen – og ut av den. No arbeider han med førebygging av kriminalitet og rus.
– Kva meiner du er viktig i rusmiddelpolitikken?
– Eg er for ei total avkriminalisering av rusavhengige. Men kven skal definere det?
– Ja, det lurer eg også på, eller meir korleis ein skal definere det. Når blir ein rusavhengig?
– Eg skal ikkje definere det, men det må vere mogleg å løyse eit så enkelt juridisk teknisk problem. Når ein har funne ei løysing, må dei som skal handheve lova, få opplæring.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.