Kommentar
Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur
Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.
Teikning: May Linn Clement
I byrjinga av juni feira vi eit storslått nasjonaljubileum på Moster. I dei mange festtalane var «menneskeverd» og «det kristne menneskesynet» eit hovudspor. I den kristne tradisjonen hadde mennesket verdi fordi kvart menneske var eit avbilete av Gud.
No har vi lært at det frøet som vart sådd på Moster, blømde fram gjennom hundreåra og etter kvart gav alle menneske verdi og like rettar. Det er noko å vere stolt over, og det er vel verdt å feire. For i dag er likeverd og menneskeverd sentrale verdiar i samfunnet vårt. Vi finn dei til dømes fremst i skulens føremålsparagraf, der vi også finn nestekjærleik, åndsfridom, tilgjeving og solidaritet. Her er verdiane ikkje lenger forankra i kristne forteljingar, men i ideen om menneskerettane.
Omskrivinga av dei kristne førestillingane til sekulære verdiar er ikkje noko nytt, men ein prosess som har gått føre seg sidan opplysningstida. På Moster viste kronprinsen til forteljinga om mennesket skapt i Guds bilete før han avslutta med «mangfald». Statsministeren erklærte trua på det kristne menneskeverdet før han avslutta sine politiske poeng med klimakamp, mangfald og det store, inkluderande, norske «vi». Som venta, altså.
Samstundes kan vi spørje: Kva skjer når dei kristne impulsane, som vart sådde på Moster, vert omsette til moderne, sekulariserte verdiar? Kan det tenkast at noko vert borte i denne prosessen, og i tilfelle kva? Eg meiner dette er ein viktig refleksjon. Men først: Kva tradisjon stod menneskeverdet i då kristenretten vart vedteken på Moster?
Eit viktig utgangspunkt er at menneskets verdi ikkje er nokon sjølvsagd idé. Vi finn han ikkje i antikkens romerske kultur, der slaveri og drap av spedbarn var ein føresetnad for samfunnsmaskineriet, og vi finn han ikkje i det norrøne vikingsamfunnet, der ætt og ære sette verdi på menneska, og der trælevesenet var på sitt høgdepunkt på 1000-talet.
Men med kristendommen kom ein ny tanke inn i kulturen, nemleg at mennesket ikkje kunne kjøpast eller seljast for pengar. Mennesket hadde ikkje ein omsetteleg verdi som andre varer. Slik argumenterte til dømes kyrkjefaderen Gregor av Nyssa på slutten av 300-talet, då han gjekk imot datidas slavehandel i Kappadokia i dagens Tyrkia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.