Kommentar

Meyer høyrer det ho ønsker å høyre

Finansdepartementet er ikkje kjent for å gje ved dørene, men i høve til Christine Benedicte Meyer er det nett det dei har gjort.

Frå pressekonferansen førre fredag der SSB-sjef Christine Meyer sa at ho ikkje hadde sagt opp stillinga si, og at ho heller ikkje hadde fått varsel om oppseiing.
Frå pressekonferansen førre fredag der SSB-sjef Christine Meyer sa at ho ikkje hadde sagt opp stillinga si, og at ho heller ikkje hadde fått varsel om oppseiing.
Publisert

I juni 2015 var det så viktig for Finansdepartementet å få Christine Meyer som ny administrerande direktør i Statistisk Sentralbyrå (SSB) at departementet var viljug til å plusse på løna med 200.000 kroner ut over ordinær løn på 1,4 millionar. Ho vart beden om å søke etter at søknadsfristen vart forlenga. Ho fekk eit tillegg på 200.000 kroner årleg til å dekke husvære i Oslo og pendling frå Bergen. Dette tillegget skulle falle bort seinast etter to år.

Men i år var Meyer framleis så gjæv for departementet at ho greidde å forhandle seg fram til at tillegget skulle vare i endå eit år. Det skjedde ifylgje departementet under medarbeidarsamtalen ho hadde med sine overordna i Finansdepartementet, finansråd Hans Henrik Scheel og ekspedisjonssjef Amund Holmsen. Avtalen vart inngått 2. mai og godkjend av finansminister Siv Jensen. Alt var då fryd og gaman.

Best betalt

Finansdepartementet vil i dag ikkje svare på om forlenging av bustad- og pendlartillegget eitt år til var eit krav og vilkår frå Meyers side for å halde fram i SSB-jobben, og opplyser at det ikkje finst eitt einaste dokument i saka. Departementet viser til Meyer. Dag og Tid har stilt spørsmålet til Meyer, men utan å få svar.

Bustad- og pendlartillegget pluss eit ordinært lønstillegg på 30.000 kroner i 2016 gjer at Meyer ved årsskiftet var den tiande best betalte leiaren i det statlege leiarlønssystemet med ei årsløn på 1.630.000 kroner.

Då Dag og Tid i august 2015 fortalde om tilsettingsvilkåra for Meyer, opplyste Finansdepartementet at departementet ikkje hadde kjennskap til at nokon andre nytilsette leiarar i staten hadde fått slike lønsvilkår, god løn og høgt pendlartillegg. Saka vekte oppsikt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement