Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Denne veka vart det kjent at Jens Stoltenberg har fått seg ny jobb. Han skal leie styringsgruppa som arrangerer dei eksklusive årlege langhelgene kalla Bilderberg-møta, ein 70 år gammal diskusjonsklubb for europeiske og amerikanske politikarar, konsernsjefar, militærtoppar og andre med makt.
Takk vere referatforbodet og teieplikta for deltakarane – den såkalla «Chatham-regelen» – er Bilderberg-møta innhylla i løyndom. I kombinasjon med dei mange mektige deltakarane har dette gjort institusjonen elska av konspirasjonteoretikarar verda over, ikkje minst i USA. Blant deltakarane gjennom åra er leiarar frå Rockefeller-familien og dei svenske Wallenbergane, CIA-sjefar, forsvarssjefar, sentralbanksjefar, EU-kommissærar, toppsjefar for oljeselskap, farmasiselskap og våpenprodusentar, statssjefar og avisredaktørar. Mange blir berre inviterte til eitt møte, medan somme er stamgjester. Fremst blant dei var Henry Kissinger, som var på sitt første Bilderberg-møte i 1957 og på sitt siste i 2022, 99 år gammal.
Konspirasjonsmat
Bilderberg-fenomenet inneheld det meste ein konspirasjonsteoretikar kan ønske seg. Somme trur at desse møta er del av ei jødisk samansverging, somme meiner målet er å undergrave nasjonalstatane og innføre ei verdsregjering, og så vidare.
Men Bilderberg-møta får òg substansiell kritikk, særleg på grunn av hemmeleghaldet. Dette skil desse samankomstane frå det langt større World Economic Forum i Davos, der media er til stades og refererer frå arrangementa. Bilderberg er ein arena der leiarane og eigarane i verdas største selskap kan påverke statssjefar, statsrådar og leiande embetsfolk i USA og Europa, utan at nokon på utsida får vite om det. I dag er rett nok deltakarlista og den overordna dagsordenen offentleg. (Blant emna på møtet i Madrid i år var mellom anna kunstig intelligens, klima, framtidas krigføring, det geopolitiske landskapet, økonomiske utfordringar, Ukraina og verda, Midtausten, Kina og Russland.) Men referatforbodet står ved lag.
Problemet med Bilderberg-møta er ikkje at folk frå same bransje møtest der for å konspirere mot samfunnet, slik økonomen Adam Smith åtvara mot på 1700-talet, men det motsette: Mektige menneske frå heilt ulike sfærar, folkevalde leiarar og folk med sterke næringsinteresser, kjem saman på desse møta – utan offentleg innsyn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.