Krig
Minnedagen
I førre veke gjorde vêret ein dramatisk entré inn i den russisk-ukrainske krigen.
Laurdag 25. november tende ukrainske soldatar lys ved eit minnesmerke for holodomoroffer i Kyiv. Millionar av ukrainarar svalt i hel i 1932–33.
Foto: Viacheslav Ratynskyi / Reuters / NTB
I Svartehavet rasa det ein storm ein ikkje har sett maken til på hundre år. Bølgjene var ni meter høge. Sjøen vaska vekk russiske militære forsvarsverk og skyttargraver frå strendene på Krym. Eit russisk militært Raptor-fartøy vart delt i to av dei kraftige bølgjene. I Azovhavet øydela stormen alle dei flytande forsvarsverka som skulle verne brua over til Krym.
Samstundes vart vegar i Odesa-regionen blokkerte av overhendige snøbyer. Ti ukrainske borgarar døydde på grunn av snøstormar, og tusenvis av menneske i ukrainske landsbyar og byar var straumlause i periodar.
Alt dette byrja etter minnedagen for holodomor, ein dag til minne om millionar av ukrainarar som døydde av svolt etter at spesialeiningar frå Den raude armeen konfiskerte dei siste forsyningane av korn, inkludert såkorn og alle andre jordbruksprodukt, blant ukrainske bønder.
For å hugse denne tragedien, tenner ukrainarane levande lys og plasserer dei nær vindauget slik at ein kan sjå dei frå gata.
Minnedagen for holodomor, som byrja bli markert i den ukrainske kalenderen for berre kort tid sidan, gjer alltid russiske politikarar hysteriske. Russland har aldri vedgått skuld for at millionar av ukrainarar svalt i hel i 1932–1933, eller i 1947, etter krigen. Ifølgje Putin var det aldri nokon som organiserte nokon hungersnaud. «Det var berre eit uår for landbruket.»
For å vise haldninga si til minnedagen sørgde Russland for den mest intense bombinga av Kyiv på mange månader. 75 iranske dronar angreip Kyiv i seks timar natt til 25. november og gjorde det uråd å sove for dei tre millionar innbyggjarane i byen. 74 av dronane vart skotne ned. Da morgonen kom, stod folk i Kyiv opp og gjekk til arbeidet sitt som vanleg, trøytte, men fulle av pågangsmot.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.