Krig

Møll, kakerlakkar og ein «nobelpris»

Dei målretta missilåtaka på journalistar og offentlege figurar i Ukraina syner at tradisjonane frå KGB lever i Russland.

Nyleg vart over 300 teppe sende frå den vesle byen Mukasjeve til frontlina. I krigssona vil dei bli nytta til å dekkje jordgolva i dei militære stillingane. Det blir deira siste heroiske rolle, den endelege bruken av desse tidlegare kultobjekta frå livet i Sovjet.
Nyleg vart over 300 teppe sende frå den vesle byen Mukasjeve til frontlina. I krigssona vil dei bli nytta til å dekkje jordgolva i dei militære stillingane. Det blir deira siste heroiske rolle, den endelege bruken av desse tidlegare kultobjekta frå livet i Sovjet.Nyleg vart over 300 teppe sende frå den vesle byen Mukasjeve til frontlina. I krigssona vil dei bli nytta til å dekkje jordgolva i dei militære stillingane. Det blir deira siste heroiske rolle, den endelege bruken av desse tidlegare kultobjekta frå livet i Sovjet.
Publisert

Her om dagen i Kharkiv, under eit missilåtak, bar ein mann eit stort, samanrulla sovjetisk teppe ut frå husværet sitt og hengde det opp på ei stong i bakgarden. Så gav han seg til å slå laus på det med ein teppebankar.

Denne vanlege handlinga vekte merksemd hos fleire titals naboar. I staden for å springe til eit bomberom eller gøyme seg i gangane sine, valde dei å ta bilete av teppebankinga med mobiltelefonane sine. Videoen spreidde seg straks på sosiale nettverk, og verka oppmuntrande på folk som sat på metrostasjonar eller i bomberom eller gøymde seg i gangane i bustadene sine.

Eg òg såg denne videoen, og kunne ikkje anna enn smile. Eg såg meir enn berre ei open utfordring til dei russiske aggressorane i reinsinga av eit teppe under eit granatåtak. Det var også ironi i denne handlinga.

Da Putin gjorde teneste i KGB, fekk han tilnamnet «Møll» fordi han var lite iaugefallande og, sjølvsagt, liten av vekst.

I sovjettida såg ein på møllen som det viktigaste trugsmålet mot teppe, og alle i Sovjet slost jamleg mot dette skadedyret, nett slik mannen i Kharkiv nyss gjorde. For ein respektabel person i Sovjet var det viktig å ha eit teppe – eller helst fleire.

Dei vart lagde på golvet og hengde på veggane som statussymbol, og folk i Sovjetsamveldet tok vare på teppa sine som best dei kunne, ved å verne dei mot møll med den rituelle bankinga i bakgarden og naftakuler. Eg hugsar korleis den temmeleg ubehagelege lukta av den kjemiske substansen var overalt i sovjetiske bustader.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement