Kommentar
Moral som styringsverktøy
Den nye morallova i Afghanistan inngår i ei rekkje markeringar mot det internasjonale samfunnet og innstrammingar overfor eigne borgarar.
Taliban-leiarar samla i 2023 i Kabul for å forsone haukar og meir moderate mørkemenn.
Ebrahim Noroozi / AP / NTB
Morallovene er ledd i ei gradvis tilstramming over tre år, i motstrid til det diplomatane til Taliban lova under forhandlingane med USA. Dei konservative og tradisjonelt forankra religiøse leiarane i krinsen rundt emiren prioriterer å syne at dei etterlever sharia og nyttar religiøs makt til å styre ei etnisk og religiøst samansett befolkning. Og dei utfordrar internt dei som har vore ope kritiske til forbodet mot at jenter får høgare utdanning og det eineveldige styret til emiren.
Ikkje tilfeldig
Det er ikkje tilfeldig at innstramminga skjer no. Det inngår i eit mønster og kan også ha samanheng med at der er lita militær utfordring til makta deira. USA er tydeleg på at dei ikkje støttar ein ny militær konflikt. Taliban er då tryggare på eiga makt, det markerer dei og kritiserer innblanding i korleis dei styrer Afghanistan.
Her får dei støtte frå Kina, Russland og naboland som ikkje har menneskerettar som høgaste prioritet. Nyleg nekta dei FNs spesialrapportør for menneskerettar, Richard Bennett, å komme inn i landet. Dei var usamde i rapportane hans.
Dei testar ut det diplomatiske handlingsrommet, sjølv om det minkar sjansen for den anerkjenninga dei etterspør som legitime makthavarar. Det er ikkje berre FN og vestlege statar som minner dei på dette. Organisasjonen for islamsk samarbeid kritiserte Taliban for den kvinnefiendtlege politikken deira på siste møte, og sende dei på gangen då det skulle takast bilete av deltakarane.
Ironien er at då får dei konservative kreftene i Taliban synt at dei står imot internasjonalt press. Problemet er at mange afghanarar ikkje ønskjer å leve etter slike reglar, spesielt dei som har hatt ein mindre religiøst styrt livsstil i byane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.