Kommentar

Mørk tale full av lygn

Knapt noko av det Vladimir Putin hevda i talen sin onsdag morgon, var i samsvar med sanninga. Spørsmålet er om Putin sjølv trur på det han sa.

Russisk politi slo ned på dei som demonstrerte etter å ha høyrt talen til president Vladimir Putin onsdag 21. september 2022.
Russisk politi slo ned på dei som demonstrerte etter å ha høyrt talen til president Vladimir Putin onsdag 21. september 2022.Russisk politi slo ned på dei som demonstrerte etter å ha høyrt talen til president Vladimir Putin onsdag 21. september 2022.
Publisert Sist oppdatert

I 2014 kom eit nynazistisk regime til makta i Kyiv gjennom eit væpna kupp. Dette naziregimet har terrorisert folket i Donbas, ja, drive med folkemord. Nokre gonger har nazistane i Kyiv rett nok vore inne på å gjera kompromiss med Russland, men då har «det kollektive Vesten» tvinga dei til å halda fram på med den antirussiske politikken.

No trugar vestlege politikarar med å øydeleggja og stykka opp Russland. Til og med syslar dei med planar om å nytta atomvåpen. Alle som gjer det, skal vita at Russland har endå meir effektive våpen å svara med. Som Russlands ansvarlege president har han difor ikkje nokon annan utveg enn å kunngjera ei delvis mobilisering av den russiske krigsmakta.

Dryg kost

Dette var bodskapen til Vladimir Putin då han vendte seg til den russiske nasjonen for to dagar sidan. Det var dryg kost. Lettast hadde det vore å avfeia det heile som propaganda. Så enkelt er det ikkje. Me veit nemleg ikkje om Putin trur på det han sjølv sa, eller om han er klar over at det meste av det han sa, var fri fantasi, lygn og svart propaganda.

Per i dag er det vanskeleg å seia det eine eller det andre: Dersom Putin trur på det han sa, gav han prov på at han lever i ein såkalla alternativ røyndom. I denne røyndomen sit ein nazist i presidentstolen i Kyiv, heia fram av ei samansverjing av vondarta, vestlege leiarar som legg planar for å knusa Russland. Om Putin ikkje trur på det han sa, om han veit at den jødiske Volodymyr Zelenskyj ikkje er nokon nazist og at ingen i Vesten syslar med tanken på å gjera Russland om til ein radioaktiv ørken, då lyg han med fullt medvit.

Kva er verst: å ha mista kontakten med det verkelege livet eller å lyga mens ein veit at ein lyg? Det er vanskeleg å seia det eine eller det andre. Det einaste som er sikkert, er at Russland, Ukraina, Europa og heile verda har hamna i ein farleg situasjon: I Kreml sit det ein mann som anten har mista kontakten med det verkelege livet, alternativt er viljug til å servera dei aller grøvste lygnene for å halda seg ved makta. Og denne mannen kan når tid som helst gje melding om at det er på tide å opna atomkofferten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement