Utanriks
Mot militær samling i nord
Går Finland og Sverige inn i Nato, vil det auke den norske forsvarsevna. Men det aukar også spenninga i nord.
Den svenske statsministaren Magdalena Andersson vitja Cold Response-øvinga i Noreg tidlegare i vår, der svenske og finske styrkar øvde i lag med Nato-styrkar.
Foto: Torbjørn Fjosvold / Forsvaret
Så seint som i januar i år omtala den finske statsministaren Sanna Marin ein finsk Nato-søknad i hennar regjeringstid som høgst usannsynleg, i eit intervju med nyhendebyrået Reuters.
Det tradisjonelle finske svaret har i lang tid vore at Nato-medlemskap er eit alternativ som står ope når Finland sjølv måtte ønskje å søkje. Derfor måtte Marin raskt rykke ut og presisere at det finske standpunktet ikkje var endra. Alt ho hadde gjort, var å gje eit realistisk bilete av situasjonen, sa ho. Korkje i befolkninga eller parlamentet var det fleirtal for å gå inn i Nato. Dette var altså i januar.
Onsdag førre veke møtte Marin den svenske kollegaen sin, statsminister Magdalena Andersson, og sa at finnane vil ta stilling til ein Nato-søknad i løpet av få veker. Ho håpte Finland og Sverige ville lande på den same avgjerda. Stemninga har snudd blant både veljarar og folkevalde.
Langfredag sa den finske europaministeren Tytti Tuppurainen at ein Nato-søknad frå Finland var høgst sannsynleg.
Invasjon og innmelding
Vi kjenner alle realitetane bak stemningsskiftet. Den 24. februar sende president Vladimir Putin store militærstyrkar over den ukrainske grensa i retning Kyiv, i det som såg ut som eit forsøk på å knuse den vestvende ukrainske leiinga med brutal våpenmakt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.