«Kva skal Elon Musk med noko så banalt som ei 16 år gammal mikrobloggteneste på internett?» I november i fjor vart dette spørsmålet stilt i Dag og Tid då Elon Musk kjøpte Twitter. Ifølge Musk handla det om å sikre eit felles digitalt landsbytorg, «der ein kan diskutere eit vidt utval synspunkt på ein sunn måte».
Det er noko tragikomisk med ønsket om ein sunn debatt sett i lys av storståheien rundt ein mogleg slåstkamp på Colosseum mellom Musk og Meta-leiar Mark Zuckerberg. Slåstkampen blir kanskje ikkje noko av, men oppstyret rundt kampen seier noko om sosiale medium. Kan hende dei liknar meir på moderne Colosseum, der folk får vere vitne til ordstrid og underhaldning, enn demokratiske forum for meiningsfylte debattar?
Både Musk og Zuckerberg personifiserer ei relativt ny form for sosial makt. At rike einskildmenneske kan omskape sosiale nettverk med fleire hundre millionar brukarar etter eigen smak og rettferdssans, har endringane i Twitter (som no heiter X) stadfesta tydeleg.
Twitter under Musk
Eit av måla til Musk då han tok over Twitter, var å kutte kostnadar. Ei viktig årsak til det var at selskapet då ikkje hadde gått i pluss sidan 2019. I løpet av ein dag i november sparka Musk 3700 tilsette, nesten halvparten av alle tilsette. Det førte til eit søksmål ettersom dei ikkje fekk åtvaring på førehand, i strid med arbeidslover. Mange av dei som sat i leiarstillingar, vart også sparka eller sa opp. I eit intervju med BBC i april i år sa Musk at dei hadde gått frå rett under 8000 tilsette før han tok over, til om lag 1500 no.
Ei anna endring gjekk ut på å byte verifiseringssystemet til Twitter. I staden for at kjente personar og organisasjonar automatisk får eit verifiseringsmerke, vil Musk no at folk skal betale for ein slags premiumversjon for å få verifiseringsmerke og andre fordelar. Det har vore ein del forvirring knytt til endringa, ettersom mange som ikkje har betalt for abonnementet, likevel har fått halde på merket sitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.