Kommentar
Nansen og bolsjevikane
Kan ein hjelpe eit naudlidande folk når dei har eit styresett som bryt med alt ein sjølv står for?
Ein karavane med naudhjelp kom fram til sveltande russarar 16. februar 1922.
Foto: Dr. Nansen / AP / NTB
Det er mange som ynskjer å skine i glansen av vår namngjetne polfarar, vitskapsmann, humanist og forsvarsven.
Namnet hans blir nytta når ein skal skryte av den norske fredstradisjonen, skipe eit forskingsprosjekt i det nordlege Barentshavet – eller namngje ein fregatt. Og tru meg, nemninga «arven etter Nansen» går ikkje av moten med det fyrste. I år er det 100 år sidan Fridtjof Nansen fekk Nobels fredspris.
Det er lett å bli både fascinert og imponert over alt denne vidgjetne nordmannen rakk i løpet av dei snaue 69 åra han fekk her på jorda. Men skal eg trekke fram éin ting som verkeleg imponerer meg, er det engasjementet hans for dei hungerlidande russarane i kjølvatnet av fyrste verdskrigen. Ikkje berre fordi han berga mange liv. Men fyrst og fremst fordi han ikkje lét seg stoppe av alle dei som meinte at det å hjelpe Russland vart det same som å anerkjenne dei revolusjonære maktovertakarane.
Humanitær kanal
Nansen hadde ein så framtredande posisjon hjå russarane at bolsjevikane, som ikkje anerkjente Folkeforbundet, kunne akseptere hjelp frå det som vart heitande Nansenmisjonen. Slik vart det oppretta ein humanitær kanal inn til styresmaktene – som gav høve til å hjelpe dei sveltande russarane.
Og Nansen sjølv sleppte alt han hadde i hendene, då han forstod det alvoret som utspann seg i aust. Han reiste frå land til land og heldt tallause føredrag for å samle inn pengar – samstundes som han ville overtyde europeiske statsleiarar: «Nå måtte Europas regjeringer trå til», var hans klare bodskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.