Når aksane kryssar seg
I 20 år var kampen mot globalisering ei venstresidesak. Så enkelt er det ikkje lenger.
Brexit-forkjemparen og UKIP-leiaren Nigel Farage møtte Donald Trump under presidentvalkampen i 2016. Dei to delte ein sterk skepsis mot overnasjonalitet.
Foto: NTB scanpix
Kampen mot overnasjonalitet, finansmakt og økonomisk liberalisme har hatt mange andlet dei siste 20 åra. Sinte demonstrantar, jordlause bønder, meritterte økonomiprofessorar, svartkledde anarkistar, milde miljøvernarar, marginale kommunistar og trauste fagforeiningsfolk har vore blant deltakarane. Men trass i mangfaldet: Sidan starten seint i 1990-åra har globaliseringsmotstand i all hovudsak vore ei sak for folk som stod til venstre politisk.
I dag har USA ein høgrepopulistisk president som er erklært motstandar av frihandelsavtalar, og Trump trekte USA frå forhandlingane om Trans-Pacific Partnership, ein stor frihandelsavtale for landa kring Stillehavet. Også i Europa har krefter på høgresida blitt ivrige kritikarar av overnasjonalitet. Konservative krefter var pådrivarar for brexit, og på norske nettstader som Document og Resett er «globalistene» eit vanleg skjellsord.
Denne kritikken frå ymse høgrefløyer handlar ikkje berre om innvandringspolitikk, men òg om overnasjonale avtalar og sjølvråderett, som er kjende tema for dei «gamle» globaliseringsmotstandarane. Men blant norske venstreorienterte som har kjempa mot globaliseringa i over 20 år, er det lite jubel over dei nye tonane frå høgre.
Overlapp
– Den ytre høgresida har greidd å fange opp mykje av misnøya med problema som kjem når den nasjonale kontrollen blir mindre, seier Aksel Nærstad. Han har lang fartstid i den globaliseringskritiske rørsla. Nærstad har hatt sentrale verv i mellom anna Utviklingsfondet, Handelskampanjen, Norges sosiale forum og Attac. Han var òg leiar av Raud Valallianse, forløparen til Raudt, frå 1987 til 1995.
– Eg synest ikkje det er bra at det er ytre høgre som har teke så mykje av denne plassen. Men vi som står til venstre, får berre erkjenne at her er det nokre felles standpunkt. Vi som har kritisert globaliseringa i fleire tiår, kan ikkje slutte å meine det vi meiner, berre fordi det er noko overlapping med ytre høgre, seier Nærstad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.