Kommentar

Når barndomen vert kjønnsforvirra

Det gjeld å skilje den konkrete utfordringa frå det ideologiske minefeltet.

Publisert

«Vern våre barn mot kjønnsforvirrende undervisning», er tittelen på eit opprop på nettet. Oppropet er laga av fedrar som er engasjerte i den pågåande kjønnsdebatten, og det peikar hovudsakeleg på éin ting, nemleg at den undervisninga barn og unge skal få i skule og barnehage no, legg til grunn ei uvitskapeleg forståing av kjønn.

Dei siktar særleg til Fri – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfolds prosjekt Rosa kompetanse, som får millionstøtte av staten. Med Rosa kompetanse ynskjer Fri å vere hovudleverandør av kjønnsforståing i den offentlege oppsedinga av barn og unge i Noreg. Intensjonen er god; å auke forståinga for mangfald og inkludere alle.

Identitet

Det er få som er i tvil om at det kan vere eit gode å utvide normer for kjønnsroller. Spørsmålet er derimot kva grunnlag ein byggjer på. Kritikken av Fri og Rosa kompetanse handlar om at grunnlaget er ideologisk, ikkje vitskapleg. Hos Fri er utgangspunktet at det finst eit mangfald av kjønn, og at ein skal ha retten til å definere kjønnet sitt sjølv, utan å verte avgrensa av forventningar frå samfunnet. Med andre ord, kjønn er ein identitet som er frigjord frå kroppen.

På heilt basalt nivå er dette utgangspunktet i konflikt med det vi veit frå biologien. Biologisk finst det berre to kjønn. At menneska bør kunne uttrykke kjønnet sitt på mange ulike vis, er ei anna sak som få er usamde i.

Det er ikkje berre foreininga Fri som pressar ny kjønnsteori på barna våre. Presset er også politisk. I ein film frå Utdanningsdirektoratet om kjønn og likestilling i barnehagen, til dømes, er poenget å dekonstruere normene for kjønn som finst i samfunnet vårt. Også her er intensjonen god. Poenget er å opne opp for meir variasjon i kjønnsuttrykk, slik at barna kan tore «å være seg selv, uavhengig av kjønn».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement