Utanriks
Når den rike mannen kvitrar
Elon Musk vil frelse menneska, men kjøpet hans av Twitter kjem neppe til å gjere verda betre.
Etter ein lang prosess fekk Elon Musk endeleg kjøpt mikrobloggselskapet Twitter. Biletet viser ein Twitter-logo framfor eit foto av Musk. Etter ein lang prosess fekk Elon Musk endeleg kjøpt mikrobloggselskapet Twitter. Biletet viser ein Twitter-logo framfor eit foto av Musk.
Foto: Dado Ruvic / Reuters / NTBFoto: Dado Ruvic / Reuters / NTB
At Elon Musk, verdas rikaste mann, no har fått kjøpt Twitter, gjer det freistande å seie: Kva så? Det er ikkje noko nytt at rike menn sikrar seg makt gjennom sine eigne massemedium. Mediemogular som William Randolph Hearst i USA, Rupert Murdoch og Robert Maxwell i Storbritannia, Silvio Berlusconi i Italia og Axel Springer i Tyskland er alle døme på at medieeigarskap òg kan gje stor politisk påverknadskraft. At dei rike har sine kanalar inn i heimane til folket, er vi vande med.
Likevel er det nokre gode grunnar til å vere uroleg over oppkjøpet til Musk. Vi lever i lettantennelege tider, og dei sosiale media fungerer på heilt andre måtar enn tradisjonelle aviser eller TV-kanalar. For ti år sidan trudde mange at medium som Twitter skulle ha ein demokratiserande effekt. Dei sosiale media var noko folket kunne bruke til å tale dei mektige imot. Men slik mellom anna Donald Trump har synt oss, kan kanalar som Twitter like gjerne vere megafonar for makta.
Det er ikkje så lett å skjøne kvifor Elon Musk valde å bruke 450 milliardar kroner på å kjøpe Twitter. Det gjev i alle fall ikkje særleg meining økonomisk. Men som dei fleste truleg har skjønt, er ikkje dette ein heilt vanleg dollarmilliardær. Og for å kunne gjere seg tankar om kva dette oppkjøpet kan ha å seie, er det nyttig å prøve å finne ut kva slags person som no er den rikaste i verda.
Trist oppvekst
Elon Musk vart fødd i 1971. Han voks opp i Pretoria, den administrative hovudstaden i Sør-Afrika, ein militarisert, overvegande kvit og sterkt konservativ by. Både Musk sjølv og folk som stod han nær i unge år, har skildra oppveksten som ulukkeleg. Faren Errol var ein velståande ingeniør, politisk liberal og skeptisk til apartheid. Han var òg ein autoritær, intens og ustabil mann, skal vi tru Ashlee Vance, som har skrive ein biografi om sonen. Elon har sjølv omtala far sin som «eit forferdeleg menneske». Likevel valde både han og broren Kimbal å bu med faren da foreldra skilde lag i 1980.
Som gut var Elon ein utprega nerd: Han var skuleflink og dyktig med heimedatamaskina og laga eigne dataspel frå han var tolv år, men sleit med å finne sin plass i det sosiale spelet. Han var ofte åleine, las uhorveleg mykje og pløgde seg gjennom heile leksikon frå perm til perm – og hugsa det han hadde lese. Om han las fiksjon, var det helst teikneseriar eller bøker av science fiction-forfattarar som Isaac Asimov og humoristen Douglas Adams.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.