Forsvar

Når Europa rustar opp

Europeiske leiarar er samde om å ruste opp. Men vert dei samde om korleis?

Europeiske leiarar vil ta større ansvar for eigen tryggleik. Skal dei då halde fram med å satse på amerikanske kampfly, fregattar og luftvernsystem? Biletet syner Romanias statsminister Marcel Ciolacu ved eit F-35 Lightning II-jagarfly på ei forsvarsutstilling i Bucuresti i mai i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Donald Trumps uføreseielege framferd mot vener og allierte ha fått europeiske leiarar til å erkjenne at det hastar med å ta ansvar for eigen tryggleik. No vil Europa byggje opp ei truverdig avskrekkande forsvarsevne på eigen kjøl innan 2030. Det er i alle fall det overordna målet skissert i EU-kommisjonens forsvarsplan, som vart lagd fram førre veke.

Readiness 2030, som planen er kalla, identifiserer kvar europeisk forsvar i dag har såkalla kritisk investeringsbehov, og argumenterer for at det bør rustast opp i fellesskap mellom EU-land. For å få til det vil EU-kommisjonen opne for storstilt lånefinansiering, både på EU-nivå og for medlemslanda:

EU-landa skal etter planen få ta opp meir gjeld og ha større underskot på statsbudsjetta enn det EU vanlegvis tillèt, så lenge pengane går til forsvar. Og EU-kommisjonen sjølv vil ta opp lån i kapitalmarknaden for å opprette eit fond på 150 milliardar euro, som medlemslanda skal kunne låne pengar frå til innkjøp av forsvarsmateriell.

Ein føresetnad for å få tilgang til lån frå fondet skal vere at forsvarsinnkjøpa vert gjorde i samarbeid mellom minst to EU-land, eller mellom eit EU-land og eit Efta-land – som Noreg, Island, Liechtenstein eller Sveits – eller mellom eit EU-land og Ukraina. I tillegg skal minst 65 prosent av sluttproduktet som vert kjøpt inn, kome frå EU, Efta-landa eller Ukraina.

At EU-land i større grad samarbeider og samlar seg om eigen forsvarsindustri, er ifølgje EU-kommisjonen avgjerande både for europeisk beredskap og forsyningstryggleik og for å effektivisere kostnader og forsking og utvikling av nytt forsvarsmateriell i Europa, vert det argumentert med.

Samstundes er det nett det å få landa til å samarbeide tettare og samle seg om felles industri som er den største utfordringa ved ei europeisk opprusting, ifølgje forsvarsforskarar Dag og Tid har snakka med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement