Når får Erdogan Nobels fredspris?
Kampen for fred og fotball er ikkje utan ein dose nordvesteuropeisk etnosentrisme.
Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan då ha talte til Nato-møtet i Madrid 30. juni i år.
Foto: Manu Fernandez / AP / NTB
Lista over fredsprisvinnarar er ærefull, heiderleg, av og til triviell og med skammelege innslag. Det er ein oppmuntringspris for den gode viljen, takk for lang og tru teneste og gode gjerningar, ein pris for håp og idealisme, men også for realpolitisk kynisme. Og gitt er gitt: Prisen kan ikkje trekkast tilbake om prisvinnaren startar nye krigar, som den etiopiske statsministeren Abiy Ahmed (2019).
Dynamittkapitalisten Alfred Nobel, som stifta prisen i 1901, var påverka av fredsaktivisten Bertha von Suttner, som fekk prisen i 1905. I statuttane er det tre krav, og vinnaren må oppfylla minst eitt av dei: «reduksjon av militærstyrker, arrangering av fredskongresser, nasjonenes forbrødring». Det står ingenting om humanitært arbeid, genmanipulert korn, skogplanting, klima eller menneskerettar.
NOBELKOMITEEN tolkar stiftarens vilje i nye tider og kontekstar, og bra er det, for mange stiftingar skriv seg ut av soga som irrelevante fordi dei er juridiske slavar av stiftarens siste ord. At årets pris går til kritiske sivilsamfunnsorganisasjonar i Russland, Belarus og Ukraina, er vel fortent etter Nobels reviderte.
Dei justerte kriteria har ført til både modige og tullete prisar. Til dei dristige høyrer den fengsla tyske pasifisten Carl von Ossietzky i 1935 og den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo i 2010. Den første skapte interne kalamitetar i Noreg og kontroversar med Tyskland. Etter den andre hamna Noreg i fryseboksen til me gjorde lakseknefall for Kina.
Thorbjørn Jagland sette sitt stempel på to til: den premature til dronepiloten Barack Obama i 2009, og til EU og den europeiske draumen i 2012.
MEST KONTROVERSIELLE er fredsprisane til fiendar som har starta valdelege konfliktar, men også bidratt til gjera slutt på dei. Då Henry Kissinger og Le Duc Tho delte prisen i 1974, nekta vietnamesaren å stilla opp saman med ein amerikansk krigsforbrytar. Fangen Mandela og apartheidpresidenten de Klerk i 1993 var også eit merkeleg par. Og ikkje minst Yassir Arafat, Shimon Peres og den uvillige Yizhak Rabin for Osloavtalen i 1994, med Terje Rød-Larsen i kulissane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.