Når Gud står til høgre
– Eg trur dei fleste kristne vil svare at dei søv betre om natta med ei blå-blå regjering, seier leiar i Oslo Symposium, Bjarte Ystebø.
Frir kristenkonservative til FrP? Sylvi Listhaug (Frp) talte på konferansen Oslo Symposium 3. mars. Foto: Marion Haslien
Den 3. mars gjekk Oslo Symposium – ein kristen konferanse som blir arrangert kvart valår – av stabelen. Talelista var tungt representert av politikarar frå høgresida. I etterkant blei symposiet kritisert i media for å vere ekskluderande og splittande. Også Dagen-redaktør Tarjei Gilje åtvara symposiet mot å bli eit ekkokammer. Den nemninga oppfattar leiar Bjarte Ystebø som eit skjellsord:
– Formålet er å løfte fram kva kristendommen tyder for det norske samfunnet. Venstrepolitikarar blei ikkje inviterte denne gongen, fordi vi ville sende eit signal om at vi ønskjer at eit ikkje-sosialistisk fleirtal skal gje ei ikkje-sosialistisk regjering. Men venstrepolitikarar vil bli invitere i framtida, seier han.
– Kvifor vil du blande religion og politikk?
– Kristendom og politikk har alltid høyrt saman, både i kampen mot nazismen, apartheid, antisemittisme og sekulær-fundamentalismen. Det står eit viktig slag om trusfridom for kristne i Noreg no, men det er samstundes viktig å ikkje føre politikken inn i kristendommen. Det handlar om den kristne bodskapen om frelse, tilgiving og fellesskap med Gud, personlege spørsmål som bør vere åtskilte frå politikk.
– Integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) fekk trampeklapp på symposiet. Går kristenfolket mot høgre?
– Oslo Symposium handlar om verdispørsmål som har politiske konsekvensar. Vi søker alliansar der vi kan finne det, og i nokre saker er Frp ein god alliert. Det viktigaste slaget for kristenfolket i denne generasjonen er å kunne oppdra barn i kristen tru. Sidan 1950-talet har fiendskapen mot kristendommen berre tiltatt. Vi kan leve med mykje av det venstresida gjer, men vi treng at kristendommen si tyding blir anerkjend. I den kristne grasrota er det ingen tvil om at kristne har gått til høgre. Men det er også meir polarisert, fordi fleire også har gått til venstre. Det nye er at høgresida har begynt å gje lyd frå seg. Eg hadde nok ikkje fått sette opp Oslo Symposium i 1995.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.