Kommentar
¿ Når kyrkja låser døra
Då eg mest hadde tenkt at dette var den sekulære verdas siger over religionen, kom det ei spektakulær framsyning frå Roma.
Pave Frans heldt ei ekstraordinær «Urbi et orbi»-velsigning i Vatikanet fredag 27. mars. Krusifikset med Jesus til venstre og det kjende ikonet med Maria og Jesusbarnet til høgre.
Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Medan viruset har lamma heile verda, har eg undra meg over kor kyrkja har vore. Det har ikkje mangla på lettvinte domedagsprofetar, men dei interesserer meg mindre enn dei tunge aktørane som har tusenvis av års røynsle med pest og død bak seg. Har sjølv ikkje den katolske kyrkja noko meir å tilby enn internettoverføring av messa? Er det meininga at vi alle no skal verte kvekarar og sitje heime aleine med kvart vårt stearinlys?
Idet det såg ut til at koronakrisa vart den sekulære verdas siger over religionen, kringkasta Vatikanet ei storstilt framsyning frå Roma. Førre fredag kveld låg Petersplassen, som elles kan romme 300.000 menneske mellom søylene, aude i mørket. Berre Pave Frans gjekk, heilt aleine i regnet, opp mot podiet føre kyrkja. Herifrå velsigna han byen og verda, «Urbi et orbi», og bønfall dei høgare makter om ein slutt på pandemien. Det djupe alvoret var rigga i symbolikk frå heile kyrkjesoga, og dei sterkaste remediar vart tekne i bruk. På den eine sida bak paven stod det viktigaste ikonet i Roma, biletet «Salus Populi Romani» («frelsaren av det romerske folket»), av Maria og Jesusbarnet, som vart bore rundt i byen, mot pesten, alt for nær 1500 år sidan. Eit ikon som dette er ikkje berre eit bilete. Det representerer Jesu mor på ein slik måte at ho nærast er til stades der biletet er. Til dagleg «bur» ho i Santa Maria Maggiore, ei av dei eldste Maria-kyrkjene i den vestlege verda.
Krusifiks
Hovudpersonen denne regntunge kvelden var samstundes korkje Maria eller paven, men det store krusifikset frå kyrkja San Marcello al Corso som stod på den andre sida bak paven. Denne lidande Kristus, med tornekrone og blodstrimer i mellomalderleg dramaturgi, stod i all si høgd og tok imot dei tunge regndråpane, som om det var himmelen sjølv som gret. Ifølge tradisjonen er ein bit av krossen frå Golgata gøymd i treverket, og krusifikset var det einaste som ikkje vart øydelagt då San Marcello brann i 1519.
Då byllepesten råka Roma tre år etter dette mirakelet, og styresmaktene forbaud folkeforsamlingar for å hindre smittespreiing, nett som no, fekk krossen ei spesiell rolle. Også kyrkjelege prosesjonar var forbodne, men – i motsetnad til no – trassa dei truande forbodet og gjekk i prosesjon med krossen føre seg, gjennom alle nabolaga i Roma, heilt til Petersplassen. Den lokale tradisjonen fortel at etter kvart som krusifikset gjekk gjennom byen, vart innbyggarane i nabolag etter nabolag lækte. Innbyggjarane ville ikkje gje slepp på krusifikset, difor tok det heile 16 dagar før prosesjonen kom fram til Petersplassen. Då krusifikset til sist kom inn i Peterskyrkja, vart heile Roma lækt på mirakuløst vis. Det var noko til religion, det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.