Når tankane er tomme

Dieselkrisa kjem nærare.

Skiltet ved ein britisk bensinstasjon fortel at det er tomt for diesel. Biletet vart teke under forsyningskrisa i Storbritannia i fjor haust. No er verda truga av ei langt verre dieselkrise.
Skiltet ved ein britisk bensinstasjon fortel at det er tomt for diesel. Biletet vart teke under forsyningskrisa i Storbritannia i fjor haust. No er verda truga av ei langt verre dieselkrise.
Publisert

Det går dårleg på børsane for tida. Den amerikanske teknologibørsen Nasdaq er ned 27 prosent så langt i år. S&P 500, som er ein indeks der dei 500 største amerikanske selskapa er med, har gjort det litt betre, men er likevel ned 17 prosent. Dei som har investert i Netflix, har tapt det meste av investeringa om dei kjøpte på toppen, som var 691 dollar. No står aksjen i 173 dollar.

Men USA har også ein raffineriindeks, som stort sett alle store fond og investorar har halda seg unna, sidan slikt ikkje vert rekna for etisk og klimavenleg. Den indeksen er opp 60 prosent i år. Det er ikkje eit godt teikn for dei fattige og ikkje fullt så fattige i verda. Den globale energimarknaden er i krise. I Noreg uroar vi oss for straumrasjonering. Resten av verda er mest oppteken av diesel.

Dinosaur

«Eg er ein dinosaur, men eg har aldri sett slikt», sa oljeministeren i Saudi-Arabia prins Abdulaziz bin Salman på ein oljekonferanse i Abu Dhabi tysdag. Bin Salman har vore på Opec-møte sidan 1980-talet. Han snakka om prisen på raffinerte produkt. «Verda lyt vakna opp og sjå realiteten i augo. Verda er i ferd med å gå tom for energi på alle nivå.»

No varslar EU boikott av russisk olje. Det er usikkert om EU-leiarane heilt forstår kva dei prøver på her. Før krigen og invasjonen av Ukraina eksporterte Russland nesten fem millionar fat råolje per dag. Det meste gjekk til EU. Men det som er minst like viktig, er at Russland eksporterte tre–fire millionar fat med raffinerte oljeprodukt i tillegg, for det meste diesel, som er verdas viktigaste vare ved sida av kunstgjødsel.

Crack

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement