Nasjonalfylla

Ein barne- og ungdomspsykiater oppmodar foreldre om å avlyse champagnefrukosten på nasjonaldagen.

Ifølgje organisasjonen Av-og-til er det sosialt akseptert å byrje nasjonaldagen med alkohol.
Ifølgje organisasjonen Av-og-til er det sosialt akseptert å byrje nasjonaldagen med alkohol.
Publisert

Det er dagen før 17. mai. Eg er åtte år, har fått ny festdrakt og skal få låne bunadsskoa som mor mi hadde då ho var lita. Flagget og skoa ligg klare i gangen, og eg kan ikkje vente. Eg skal springe eggelaup på fotballbana i bygda, der nasjonaldags­aktivitetane skal gå føre seg, med grønske på knea og is rundt munnen. Eg er nesten utsliten av dagen før han har starta.

16 år seinare er det ei vinflaske som står klar saman med bunadsskoa. Eg er invitert i champagnefrukost. Vi skal ete, drikke og ta den obligatoriske 17. mai-sjølvis­en før vi trekkjer nedover mot toget. Så skal vi vidare på den lokale puben for å drikke meir.

Denne veka oppmoda barne- og ungdomspsykiater Paul Joachim Thorsen foreldre om å avlyse champagnefrukosten på nasjonaldagen. Han er seksjonsoverlækjar ved barneposten på Haukeland sjukehus og har sett ein auke i innleggingar på barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling i dagane etter nasjonaldagen. Han er skremd over kor mange foreldre som ikkje ser konsekvensen av alkoholinntaket sitt, melder TV 2.

Foreldre som drikk på 17. mai? Har ein verkeleg tid til champagnefrukost når ein har eit barn som ikkje berre skal stå opp, men ha mat, få på seg festklede og utstyrast med eige flagg, som ein så må passe på ikkje vert nytta til å stikke ut auga på nokon? Eg kjenner urorynka i panna verte litt djupare. Kva tid gjekk vi frå barnetog og «Vi ere en nation vi med» til å gå på bar, på lyse dagen, i bunad?

Men med vinflaska i ei hand og flagget i den andre traskar vi likevel nedover mot huset der frukosten skal haldast. Eg har jo ikkje born.

Året etter er eg i Oslo på 17. mai. I Bergen vert det servert alkohol på restaurantane frå 07.00 på nasjonaldagen, melde NRK i 2017. Medan eg går forbi ein beltestakk med ei Cava-flaske som tilbehøyr, merkar eg at sjølv om restaurantane ikkje har starta like tidleg i Oslo, ser det ut til at mange har vore på polet dagen før.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement