Samtalen

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Publisert Sist oppdatert

Regjeringas handlingsplan for naturmangfald har vorte kritisert for å vere blotta for konkrete tiltak og handlingar. Forskarar har bede Stortinget stramme til planen, som skal vere Noregs oppfølging av måla i den globale naturavtalen frå 2022. Derimot var det ingen av dei rundt 130 endringsforslaga frå partia på Stortinget som fekk fleirtal under handsaminga i energi- og miljøkomiteen. Det seier Høgres Mathilde Tybring-Gjedde, som var saksordførar for innstillinga.

– Er du overraska over at ingen av endringsforslaga fekk fleirtal?

– Nei, eigentleg ikkje. Naturmeldinga er eit kompromiss mellom Ap og Sp, og det skulle nok ein del til for at dei skulle røre seg når dei såg at det ikkje vart fleirtal utan dei. Men eg meiner det er uklokt av dei å ikkje røyste for fleire fornuftige og balanserte forslag som ville ha betra naturmeldinga.

– Men Høgre kunne fått til rørsle om de gjekk saman med andre opposisjonsparti. I staden endar de no opp utan større endringar.

– I Høgre har vi jobba grundig i over eitt år, med interne høyringsprosessar, innspelsmøte, interne posisjonsnotat og programprosessar. Dei 16–17 forslaga vi har lagt fram som resultat av den prosessen, er vår måte å forbetre meldinga på. Vi er eit ansvarleg styringsparti. Vi er opptekne av å ta vare på det kommunale sjølvstyret i arealpolitikken og at vi ikkje skal ende opp med sakshandsamingsprosessar som berre tek lengre tid, samstundes som vi skal klare å bevare sårbar natur og restaurere natur i åra framover.

– Men de er til dømes ikkje med på forslaget frå SV, Raudt, Venstre, MDG og KrF om å be regjeringa gjere norske bidrag til naturavtalen «mer forpliktende, konkrete og ambisiøse slik at de kommer i samsvar med ambisjonsnivået i naturavtalen». Kvifor ikkje?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement